Sakshandsamar bygg – Stryn Kommune

Construction Ingenior bygg

(17 timer siden)

  • STRYN
  •  Lagt til dato: 13. oktober 2024
  •  Expire date: 3. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Sakshandsamar bygg

Er du vår nye sakshandsamar med interesse for byggesaker? 

Stryn kommune ønskjer ein god kollega og fagperson til vår planavdeling. Vi søkjer etter sakshandsamar bygg i 100% fast stilling. Planavdelinga med 6 tilsette ligg under etat for samfunnsutvikling, og arbeider med kommuneplanlegging, reguleringsplanar og byggesaksbehandling. Kontorstad er kommunesenteret i Stryn.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsområde er sakshandsaming etter plan- og bygningslova, med hovudvekt på byggesakshandsaming. Rettleiing og kommunikasjon med søkjarar er ein viktig del av dette, samt førebuing for politisk behandling.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
  • Motivert for gode prosessar og framdrift
  • Lagspelar som også kan arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Trygg arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Høyrest dette spennande ut? Steinar ventar spent på å høyre frå deg.

Kontaktinformasjon

Steinar Nesdal, Kommunalsjef samfunnsutvikling, 99506150, steinar.nesdal@stryn.kommune.no

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 4870290837
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stryn Kommune orgnr: 987761806
Kort om arbeidsgiver

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Webside http://stryn.kommune.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04f81124-4329-4e38-bc79-ccb17fb80562
IMPORTAPI