Saksbehandlar/ IKT- Konsulent ved oppvekstkontoret – Ål kommune Oppvekstsektoren
IT Utvikling(14 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Saksbehandlar/ IKT- Konsulent ved oppvekstkontoret
Har du lyst på nye utfordringar? Har du høg digital kompetanse? Då har vi bruk for deg!
Vi har ledig inntil 100% vikariat ved oppvekstkontoret i perioden 01.01.25-31.12.25, med moglegheit for forlenging. Ca 60% av stillinga vil omfatte saksbehandlaroppgåver ved oppvekstkontoret. Ca 40% av stillinga vil innehalde IKT-oppgåver for heile oppvekstsektoren, med både brukerstøtte, opplæring, rådgjeving og utviklingsoppgåver.
Oppvekstsektoren omfattar totalt 13 avdelingar, med 5 skuler, 5 barnehagar, Ål Introsenter, Hallingdal leirskule og Ål kulturskule. Stab hos kommunalsjef oppvekst utgjer totalt 3 årsverk. Du finn meir informasjon om Ål kommune og oppvekstsektoren her: https://www.aal.kommune.no/.
Kvalifikasjonskrav:
- høgskuleutdanning innanfor økonomi/administrasjon, HR, IKT, pedagogikk eller anna relevant fagområde
- høg digital kompetanse
- god økonomisk forståing
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Ønska kvalifikasjonar:
- kjennskap til relevant lovverk
- erfaring frå kommunal forvaltning
Personlege eigenskapar:
- strukturert og nøyaktig
- gode samarbeids – og kommunikasjonsevner
- stor arbeidskapasitet
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- fleksibel
- god formidlingsevne, muntleg og skriftleg
Vi tilbyr:
- ein utfordrande, spanande og variert jobb
- eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- ein sektor med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap
- moglegheit til å vere med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål kommune
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO