Ringevikar ved Dalsøyra barnehage – Gulen kommune

Education Barnehage

(9 måneder siden)

  • DALSØYRA
  •  Lagt til dato: 13. februar 2024
  •  Expire date: 18. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-02-2024
Deadline: Unknown

 

Ringevikar ved Dalsøyra barnehage

Ringevikar

Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage?

Dalsøyra barnehage og skule har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i Dalsøyra barnehage. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein  søknad ved å gå inn på på «søk her», eller ta kontakt direkte med kontaktperson i annonsen.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
  • Vise omsorg for kvart enkelt born
  • Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
  • Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga

Kvalifikasjonar 

  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
  • Ha interesse for born og borna si utvikling
  • Må vere tydeleg, og ta initiativ til å bygge gode relasjonar
  • Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med born både inne og ute
  • Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Ansvarsbevisst
  • Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 875309412
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted DALSØYRA (Adresse: Dalsbygda 54 Postnr: 5960)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a5a9b7dd-ce23-4ac9-aac1-56e43efc1288
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/258381