Stillingsbeskrivelse

Published 17-09-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Ringevikar – lærar/barnehagelærer/fagarbeider/assistent i barnehage og skule i Hjartdal kommune

Vi har behov for ringevikarar! Har du kjennskap til skule og/eller  barnehage? Er under utdanning eller  kunne tenke deg ei midlertidig stilling i barnehage eller skule? Vi treng deg i Hjartdal kommune.

 

Dette tilbyr vi deg:

Gode folk rundt deg.
Som ansatt  er du ein superhelt! Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb som  hos oss i barnehage eller skule

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
Vi arbeider saman om verdiane til MOT:

–          MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at  ein ikkje alltid er bra.

–          MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

–          MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»

Vi trur dette er deg!

Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til elevar/barn, føresette og kollegaer.

Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen eller i barnehagen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og  mykje latter og glede!

Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å skape gode relasjonar til barn/elevar

Dine kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning/pedagogisk utdanning /barnehagelærar/ fagarbeidar eller assistent
  • Du kan også vere under relevant utdanning og ha føresetnad om å fullføre studiet.
  • Anna relevant utdanning og erfaring vert vurdert individuelt
  • God skriftleg og munnleg kompetanse

Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! 
 Men du – hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar. 

  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Politiattest skal visast før tilsetjing.

Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

No manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

 Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjartdal kommune Sauland skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.

Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.

Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i – og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal – på solsida av Gaustatoppen – er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.

I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!

Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted SAULAND (Adresse: Saulandsvegen 543 Postnr: 3692)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/40256112-9976-4e82-a930-f822419d918b
IMPORTAPI