Ringevikar badevakt/reinhaldar – Klepp kommune, Klepphallen
Security and readiness Vakt sikrings og kontrollarbeid(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-01-2025
Deadline: 30-06-2025
Ringevikar badevakt/reinhaldar
Vi søkjer etter badevaktar/reinhaldare som kan tilkallast ved behov og som kan gå inn idrettsbyggas faste turnus (kveld/helg). Som ringevikar kan du enkelte veker bli spurt om å jobbe fleire dagar og andre veker ingenting.
Til stillinga ligg ein kombinasjon av badevakt-, reinhalds- og tilsynsoppgåver.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.
Arbeidsoppgåver
Ringevikaren skal saman med andre ha ansvaret for tryggleiken ved offentleg bading, billettsal, nokre tilsynsoppgåver og reinhald i samband med offentleg bading.
Kvalifikasjonar
* Godkjent symje- og livredningskurs. Opplæring vil bli gitt.
* Grunna arbeidsoppgåvene er god fysisk form viktig.
* Grunnleggande datakunnskapar.
* Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg.
* Den som blir tilsett må leggja fram politiattest jf. Opplæringslova
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
* Du er positiv, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
* Du trivst med å jobbe i team og vil vera med på å skape og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Thor Gunnar Bore, +47 99580587
Arbeidsstad
Stasjonsvegen 26A
4350 Sandholen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4902663309
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 30.06.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klepp kommune, Klepphallen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid |
Sted | KLEPPE (Adresse: Stasjonsvegen 26A Postnr: 4350) |
Stillingstype | Sesong Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-06-2025 |