Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Resepsjons- og administrasjonskonsulent

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Arbeidsoppgåver

– Resepsjon og sentralbord

– Elevadministrasjon

– Arkiv/post

– Fakturering og rekneskap

– Lønsarbeid

– Innkjøp

– Administrasjon av internat

Kvalifikasjonar

– Relevant fagbrev eller  tilsvarande utdanning/ kompetanse

– Arbeidserfaring med økonomiske og administrative oppgåver

– Gode ferdigheiter innan IKT, økonomiforvaltning, administrasjon og skriftleg nynorsk

– Arbeidserfaring innan liknande stilling

– Basiskunnskapar i engelsk skrifteleg og munnleg

Personlege eigenskapar

– God til å møta folk i ulike situasjoner

– Løysingsorientert og handlekraftig

– Gode samarbeidsevner

– Trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet

– Systematisk, strukturert og fleksibel

Vi tilbyr

– Triveleg arbeidsmiljø

– Varierte arbeidsoppgåver

– Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår

Kontaktinformasjon

Børre Solberg, rektor                        , 41219505, borre.solberg@vlfk.no

Arbeidsstad

Skulevegen 24
5745 Aurland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4896415397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogn Jord- og Hagebruksskule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.sjh.vgs.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted AURLAND (Adresse: Skulevegen 24 Postnr: 5745)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7752ecd9-664f-437b-9072-9aa1d82bc0a4
IMPORTAPI