Stillingsbeskrivelse

Published 21-03-2025
Deadline: 21-04-2025

Resepsjonist – Quality Hotel Sogndal

Er du blid, serviceinnstilt og klar for ein sommarjobb utanom det vanlege? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter!
Quality Hotel Sogndal søkjer no etter ein engasjert og sjølvstendig resepsjonist til eit sommarvikariat. Stillinga er på inntil 60 %, og varer frå mai til september – med moglegheit for forlenging.

Hjå oss på Quality Hotel Sogndal søv gjestane i komfortable senger, vaknar opp til ein fantastisk frukostbubuffet og kan velje mellom heile tre ulike restaurantar til middag! Hotellet har 226 rom, 9 konferanselokaler, tre restaurantar og èin bar. Som resepsjonist hos oss er du hotellet sitt ansikt utad – den første som ønskjer gjestene velkommen, og den siste dei møter før avreise. Du spelar ei avgjerande rolle i å sette standarden for opphaldet deira, og derfor ser vi etter deg som er serviceinnstilt, trygg i møte med ulike menneske, og som trivst med ansvar. Du handterer hektiske situasjonar med ro og oversikt, og er like komfortabel med å jobbe sjølvstendig som du er med å samarbeide tett med kollegaene dine.

Vi forventar at du er fleksibel og kan stille på både dag-, kvelds- og helgevakter. Du må kunne snakke norsk, svensk eller dansk i tillegg til engelsk, sidan du vil kommunisere med både gjester og kollegaer på tvers av avdelingar. Gjestane våre kjem frå heile verda, så om du har fleire språk i bagasjen, er det sjølvsagt eit stort pluss!

Arbeidskvardagen vil by på stor variasjon og høgt tempo. Resepsjonen er hotellet sitt hjerte – her har du ikkje berre kontakt med gjestene, men fungerer òg som eit nav for kommunikasjon og koordinering mellom ulike avdelingar. Du må kunne sjonglere fleire oppgåver samtidig, og ha oversikt og ta raske avgjersler når det trengst. Oppgåvene dine vil blant anna inkludere innsjekk og utsjekk, handtering av telefonar og e-postar, booking og administrative rutinar, samt oppfølging av kurs- og konferansegjester. Du vil bidra til at resepsjonsområdet alltid framstår innbydande, og du blir ein viktig del av gjestereisa – med mål om å skape så gode opplevingar at gjestene våre vil tilbake, gong etter gong.

Hjå oss får du moglegheit til å bli ein del av Strawberry-familien, med fordelar som blant anna gratis overnattingar og rabattar på over 240 hotell i Norden. Vi tilbyr ordna arbeidsforhold og høve til vidare utvikling og karriere innanfor hotell-og servicenæringa.

Høyrest dette ut som noko for deg?
Send ein søknad til resepsjonssleiar Kristine Foss på e-post: kristine.foss@strawberry.no. Har du spørsmål om stillinga, er du òg velkomen til å ta kontakt på telefon 480 49 661.

Me rekrutterer fortløpande – så ikkje vent med å sende inn søknaden din!

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Quality Hotel Sogndal orgnr:
Kort om arbeidsgiver Det er en grunn til at det er akkurat du som ønsker å jobbe i Nordic Choice Hotels. Du ser muligheter på våre 100 destinasjoner. Du tror du vil passe inn i vårt mangfold blant 18.000 ansatte. Du er spent på våre fantastiske hotellkjeder og du har energi, mot og begeistring så det holder. Vil du …
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Feriejobb Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2cb22d5-0025-4bce-8490-387132971659
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31