Stillingsbeskrivelse
Published 18-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Rektor
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Florø barneskole. Stillinga er ledig frå 01.08.2025, men med ønskje om at ny rektor kan starte tidlegare. Leiinga ved skulen består av rektor og tre inspektørar, ein merkantilt tilsett samt leiar for SFO. Rektor sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Florø barneskole ligg i Florø sentrum. Det er gangavstand til varierte naturområder og kulturinstituasjonar som kan nyttast i opplæringa. Skulen er i dag lokalisert i to ulike bygg på skuleområdet. Dei næraste åra er det planlagt utbygging og ombygging for å få betre undervisningsareal ved skulen, m.a. nytt areal til fysisk aktivitet. Rektor vil få ei viktig rolle i omstillingsarbeidet, og i arbeidet med utbygging og tilrettelegging av skulen i eit framtidsperspektiv.
Hausten 2024 har skulen ca 420 elevar, fordelt på 2-4 undervisningsgrupper/klasser pr årstrinn, og ca.70 tilsette. Skulen har også SFO-tilbod med om lag 140 elevar.
Florø barneskole har lærarar med god utdanning i alle fag, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid til beste for elevane si læring. Skulen si målform er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, det ligg og personalansvar for skulen sine tilsette i stillinga.
Som rektor skal du:
- Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål.
- Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
- Leggje til rette for gode læringsprosessar på skulen, der ein set profesjonsutvikling, elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte i sentrum.
- Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
- Vere ansvarleg for at skulen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.
- Arbeide målretta med å inkludere elevar, føresette, tilsette og tillitsvalde i skulen sine utviklings- og avgjerdsprosessar.
Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
- Godkjent utdanning for tilsetting og undervisning i grunnskulen
- Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som rektorutdanning eller liknande
- Undervisningserfaring frå grunnskule
- Leiarerfaring innanfor grunnskuleområdet
- økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk
- forvaltningskompetanse
- Erfaring frå å leie skulebasert utviklingsarbeid
- IKT-kompetanse for å nytte IKT som verkty i arbeidet som skuleleiar
- Kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg
- Kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg
- Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
- samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for skulen si utvikling og eigenart.
- lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte.
- som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
- som er opptatt av elevane si læring, og er ein pådrivar for å utvikle skulen etter skulens, kommunens og nasjonale mål.
- som har blikk for skulen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
- som er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft.
- som har god systemforståing, god kjennskap til skulen sine styringsdokument, samt HMS-arbeid
- som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i skulemiljøet og i rektorkollegiet.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingar
Fagleg leiarfellesskap saman med 11 andre rektorer og 16 styrarar.
Hyggelig arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kolleger.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Lønn etter avtale
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3. Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall daglønner.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort slølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit, dersom dette ikke kan imøtekommast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Runa Nybakk, Kommunalsjef for oppvekst og undervisning, +47 48282533
Arbeidsstad
Hans Blomgate
6900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4822666917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Florø barneskole orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Ledere av undervisning og utdanning |
Sted | FLORØ (Adresse: Hans Blomgate Postnr: 6900) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |