Rekneskapskonsulent – Rekneskap, Helse Førde

Kontor og økonomi Okonomi statistikk og regnskap

(1 dag siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 26. desember 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 26-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Rekneskapskonsulent

Stillinga som rekneskapskonsulent er plassert i rekneskapsseksjonen i Helse Førde, som er organisert under økonomidirektør.

Eininga har om lag 20 medarbeidarar som arbeider med økonomi, rekneskap og innkjøp. Vi brukar SAP som økonomisystem med integrerte løysingar for innkjøp og logistikk, samt DIPS og Sectra som pasientsystem. Til å styrke vårt team av dyktige medarbeidarar grunna endring i arbeidsmengde, søkjer vi ein kompetent lagspelar som også vil bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Velkommen til oss i Helse Førde!

Arbeidsoppgåver

  • Generelle oppgåver innanfor rekneskap, avstemming, avsetting og rapportering
  • Gjennomføre rekneskapsprosessar i SAP inkl. forsystem/randsystem
  • Bidra ved års- og månadsavslutningar av rekneskap (må kunne pårekne ekstra arbeid)
  • Bidra til effektive arbeidsprosessar og utvikling av beste praksis
  • Bistand og support til relevante roller i organisasjonen
  • Rapportering av rekneskapsdata til offentlege instansar

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad innan økonomi/regnskap (nyutdanna blir oppfordra til å søkje)
  • Gode IT-kunnskaper
  • Trygg Excel-brukar og erfaring med ERP-system, gjerne SAP
  • God kjennskap til og interesse for IT-baserte styringsverktøy
  • God formidlingsevne
  • God system- og rekneskapsforståing
  • Meget gode kommunikasjonsevner i norsk, munnleg og skriftleg. Stillinga medfører mykje kommunikasjon med seksjonane i Helse Førde, pasientar, leverandørar og andre føretak i føretaksgruppa i Helse Ves»

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein nøyaktig, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar, med evne til å løyse problemstillingar på eige initiativ
  • Fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Kunne samarbeide godt og like å jobbe i team
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Kvifor skal du velge oss ?

  • Ei interessant og utfordrande stilling, og for den rette kandidaten har stillinga rom for fagleg- og personleg utvikling.
  • Stillinga vert løna etter nærare avtale basert på kvalifikasjonar og erfaring
  • God oppfølging, læring og samarbeid med dyktige medarbeidere
  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Solheimsnes Vindheim, Rekneskapssjef, 578 39 016

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4899546494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Rekneskap, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f4618a5a-1f8a-4dc8-ba17-87966fb6d99b
IMPORTAPI