Reinhaldsoperatør/reinhaldar – Reinhald, Volda kommune, Eigedom

Salg og service Renholdere og renovasjon

(3 uker siden)

  • VOLDA
  •  Lagt til dato: 31. mars 2025
  •  Expire date: 25. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 31-03-2025
Deadline: 25-04-2025

Reinhaldsoperatør/reinhaldar

Vi har ledig stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar, for tida ved Dalsfjord skule, Lauvstad, frå 01.07.2025. Stillinga er 67%. Det er reinhald ved skulen måndag til fredag. 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg reinhald etter fastsatte rutiner, manuelt og med maskiner. Sikre at hygienekrav og interne retningslinjer blir følgde
  • Vedlikehald av golv og andre overflater
  • Reinhald av bassengområde
  • Reinhald av klasserom, fellesareal, sanitærrom, garderobar og kontor
  • Periodisk reinhald
  • Rapportere eventuelle avvik eller behov for vedlikehald
  • Bidra til forvaltning av kommunen sine eigedomar på ein slik måte at dei ikkje forfell og at verdiane vert redusert
  • Bidra til samarbeid med andre seksjonar i eigedom

Reinhaldsopratør/reinhaldar i eigedom har ansvaret for at bygninga som ho/han tenestegjer ved til ei kvar tid er tilfresstillande reinhaldt etter gjeldande standard slik at det er mogleg å drive den verksemda som er i bygget.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør. Lang og relevant erfaring kan kompansere for manglande utdanning
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
  • Løysningsorientert
  • Gode norskkunskaper, munnleg og skriftleg
  • Kunne nytte digitale verktøy

Søkarar må vere minimum 18 år. Du må ha førarkort klasse B. Ha moglegheit for å kunne bruke eigen bil i arbeidet mot godgjersle.

Personlege eigenskapar

  • Pliktoppfyllande og punktleg
  • Nøyaktig, strukturert og effektiv
  • Serviceinnstilt og god kommunikasjon
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Vere open for endringar og kan tilpasse seg nye rutinar ved behov

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande regulativ

Opplæring

Prøvetida er 6 mnd

Kontaktinformasjon

Wenche Skjærvik, Driftsleiar Reinhald

Arbeidsstad

Prestegata 33
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4945672416
Stillingsprosent: 67%
Fast
Startdato: 01.07.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Reinhald, Volda kommune, Eigedom orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted VOLDA (Adresse: Prestegata 33 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-07-2025
Søknadsfrist 25-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/334b2bc9-7f99-4dd5-a2d5-f3778d72e3a5
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31