Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Reinhaldsoperatør/reinhaldar

Ønska du å bidra med reinhald som eit viktig tiltak for inneklimaet i kommunale bygg?

Herøy kommune, seksjon reinhald, har ledig ei fast 80 prosents stilling som reinhaldar/reinhaldsoperatør. Stillinga er i hovudsak knytt til reinhald på Bergsøy-området, der vi har ansvar for reinhaldet på skular, barnehagar, kulturhus, rådhus, bibliotek og mykje meir.

Som reinhaldar vil du jobbe saman med andre reinhaldarar i seksjonen. Vi søkjer deg som kan jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Vi har også behov for at du kan jobbe helg av og til. Vi har mange dyktige kollegaer som jobbar målretta for å utføre ein god jobb i eit kjekt fellesskap.

Er du ein sjølvstendig og dyktig lagspelar som har lyst til å bidra til eit godt arbeidsmiljø? Då er det kanskje akkurat deg vi ser etter! 

Arbeidsoppgåver

Reinhaldsoppgåver med ulike intervall som

  • regelmessig reinhald
  • periodisk reinhald
  • hovudreingjering

Kvalifikasjonar

  • ha fagbrev som reinhaldsoperatør eller erfaring innan reinhaldsfaget
  • må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy for mellom anna dokumentere utført arbeid 
  • ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
  • ha førarkort klasse B
  • må kunne jobbe på helg

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker deg som:

  • tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
  • tilpassar seg behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer på ein god måte, både med leiar, kollegaer og dei som brukar bygga
  • er til å stole på og møter opp til avtalt tid
  • har vilje til å lære nye ting i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • rettleiing og kurs innan ergonomi og arbeidsmetodar
  • godt arbeidsmiljø
  • pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ada Fjørtoft Kleppe, Reinhaldsleiar, +47 95726386

Arbeidsstad

Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4890377788
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Herøy kommune, eigedomsavdelinga orgnr: 983920314
Kort om arbeidsgiver

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.

 «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Webside www.heroy.kommune.no
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Rådhusgata 5 Postnr: 6090)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f60680e6-840e-46d2-8f5c-eb086e570474
IMPORTAPI