REINHALDSMEDARBEIDER – Flåmsbrygga Hotell As
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-01-2025
Deadline: 31-03-2025
REINHALDSMEDARBEIDER
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga som omfattar Flåmsbrygga Hotell, Furukroa Kafé, Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub. No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team, då vi søker reinhaldsmedarbeidar. Vi er ei stolt Miljøfyrtårnbedrift, noko som er ei viktig grunnstamme i den daglege drifta og arbeidet vi utfører. Vi ynskjer oss personar som er positiv, startar dagen med eit smil og tar utfordringar på strak arm.
Vi ser etter deg som:
-
Samarbeider og kommuniserar godt
-
Trivest i eit hektisk miljø, er fleksibel, arbeidsam og strukturert
-
Er opptatt av kvalitet og å skape unike gjesteopplevingar
-
Jobbar godt i team, men og sjølvstendig
-
Ynskjer å «make people happy» – både gjester og kollegaer
-
Beherskar engelsk godt og/eller eit skandinavisk språk
Som reinhaldsmedarbeidar vil du mellom anna ha følgjande oppgåver:
-
Reinhald av våre serveringslokaler – Furukroa Kafé og Ægir BryggeriPub
-
Reinhald av gjesterom på Flåmsbrygga hotell
-
Klargjering av bustad for tilsette
Tiltredelse etter avtale og opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.
Vil du søke på stillinga?
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga. Send søknad med CV direkte til oss.
Kontaktperson: Erik Walter Vold, Driftsleiar. Telefon: +47 57 63 20 66 – E-post: drift@flamsbrygga.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Flåmsbrygga Hotell As orgnr: 972125016 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga — eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet. Konseptet Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafé og Flåmstova Restaurant. Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Fjord Resort og Mall of Norway. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir. Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av dei leiande aktørane i området bidreg Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope året rundt. Flåmsbrygga har tre driftsbygningar, fire hybelhus, to områder for utservering samt grøntareal. |
Webside | https://flamsbrygga.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | FLÅM (Adresse: A-feltvegen 25 Postnr: 5743) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |