Stillingsbeskrivelse

Published 16-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Reinhaldar/Reinhaldsoperatør

Er du vår nye medarbeidar og trivst i ein travel kvardag?
Vi har ledig eit vikariat som reinhaldar frå 1 november 2024 ved Førde nye Vidaregåande skule i 100% stilling. Vikariatet er i eit år.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget. Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.

Førde vidaregåande skule, er ein av dei største skulene i Vestland fylkeskommune med godt over 1000 elever og om lag 200 tilsette. Skulen er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i nybygget i Førde sentrum. Du må pårekna å måtte jobba begge plassar, men Førde vidaregåande er oppmøte stad og hovudarbeidsplassen.

Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysingar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
  • Reinhald i regionen ved behov
  • Reinhald etter Insta800

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldar
  • Praktisk yrkeserfaring
  • Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
  • Fleksibel
  • Kjennskap til databasert verktøy
  • Like å jobbe blant ungdom

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Hilde Karin Langedal, reinhaldsleiar m/fagbrev, 90588304, hilde.karin.langedal@vlfk.no
Hanne Hougaard Bisgaard, områdeleiar, 95789400, hanne.hougaard.bisgaard@vlfk.no

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4874150122
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ORO – Reinhald RN – Firda, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted FØRDE (Adresse: Naustdalsvegen 12 Postnr: 6800)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bc5300b4-d4c3-4403-8592-3d19539dd010
IMPORTAPI