Regionleiar for Søre Sunnmøre, vikariat – Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Health and social care Helsesekretaer(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-12-2024
Deadline: 16-12-2024
Regionleiar for Søre Sunnmøre, vikariat
Ønskjer du å jobbe som leiar for reinhald i Region Søre Sunnmøre som er Volda vgs, Ørsta vgs, Herøy vgs og Ulstein vgs? Vi har ledig eit års vikariat, med mogleigheit for forlenging som Regionleiar reinhald Søre Sunnmøre.
Her skal du lede og utvikle region Søre Sunnmøre og bidra til at reinhaldsseksjonen når dei fire langsiktige måla for reinhald i Møre og Romsdal fylkeskomune. Du vil ha personal, økonomisk og fagansvar for din region. Reinhaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune utgjer 4 regioner som har som oppgåve å levere reinhaldstenester til dei videregående skolane i fylket. Regionleiar går inn i leiargruppa i reinhaldsseksjonen.
Kontorstad vil vere i regionen eller ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) i Ålesund.
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Arbeidsoppgåver
– personalansvar for reinhaldarane i regionen din
– budsjettansvar innafor ditt område
– bidra til å utvikle reinhaldsseksjonen
– utarbeide og følge opp planar og rutinar for reinhald ved skolane
– bidra til å nå måla til reinhaldsseksjonen
– noko reiseverksemd må medreknast
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå høgskole/universitet på minimum bachelor-nivå.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Det er ønskeleg at du har leiarkompetanse og leiarerfaring i tillegg til erfaring frå offentleg eigedomsforvaltning, reinhald eller drift.
Personlege eigenskapar
I tillegg blir det lagt vekt på at du:
– er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
– er god på å bygge relasjonar og motivere
– har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
– er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
– har god erfaring med bruk av digitale verktøy
Du er ein leiartype som likar å kommunisere klart og tydeleg, samtidig som vedkommende har omsorg og interesse for folka sine. Vi søkjer deg som trivst med å leie andre menneske, skape samhald og vi- følelsen i eit miljø som både er mangfaldig og tverrfagleg. I tillegg er du strukturert, sjølvstendig og god på å organisere og administrere.
Vi tilbyr
Ordna arbeidstid
Moglegheit til påverking i egen arbeidskvardag
Ein arbeidsplass i stor utvikling
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
Kontaktinformasjon
Anne Bente Klokk Svendsvik, Avdelingssjef, 91131546
Torgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, +47 46418730
Arbeidsstad
Holsekerdalen 180
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4890901348
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Holsekerdalen 180 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 20-01-2025 |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |