Redaktør for bygdebok – prosjektstilling – Kultur, Klepp kommune

Education Forskningsarbeid

(17 timer siden)

  • KLEPP STASJON
  •  Lagt til dato: 22. oktober 2024
  •  Expire date: 6. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Redaktør for bygdebok – prosjektstilling

Me søkjer etter ein engasjert og kunnskapsrik redaktør til ny bygdebok for Klepp kommune 
(2-årig engasjement). Bygdeboka skal omhandla tidsepoken frå omkring 1960 og fram til våre dagar. Boka skal bli utgitt i november 2026. 

Bakgrunn: 
Klepp kommune har tidlegare gitt ut to bygdebøker Bind 1: Tida fram til 1837 og bind 2, perioden 1837-1937.  
Når me no ønskjer å utarbeida ny bygdebok som overlappar førre bygdebok, er grunnen at me meiner at denne perioden på grunn av nærleik i tid ikkje blei dekka grundig nok i bind 2. Døme på innhald og aktuell tematikk for ny bygdebok går fram av den politiske saka med vedtak om ny bygdebok (Sjå lenke under) Lista er ikkje endeleg eller uttømande. 
Opprinnleg var det tenkt å tilsetja ein forfattar til boka. Dette har blitt endra og prosessen vil bli organisert med å tilsetje ein redaktør som saman med ein redaksjonskomite skal gjera avtalar med fleire medforfattarar med ansvar for kvar sine emne/ kapittel. 
Det blir vidare lagt opp til medverknad/ innspel frå t.d. ungdomsrådet, historielag og andre. Vidare må det vurderast om og eventuelt når boka kan gjerast digital. 
Det er ønskjeleg at boka skal vera rikeleg illustrert og at den skal ha ei framstilling som appellerer breitt.   

Bygdeboka skal skrivast på nynorsk:

Her kan du lesa den politiske saka som ligg til grunn for utlysninga: https://opengov.360online.com/Meetings/KLEPP/File/Details/650236.PDF?fileName=Ny%20bygdebok&fileSize=96448 

Arbeidsoppgåver

Leia arbeidet med utarbeiding av ny bygdebok for Klepp 
Deltar i utveljing av tema og medforfattarar til boka 
Tett samarbeid med redaksjonskomiteen og fagleg oppfølging av medforfattarar 
Avtalar med bidragsytarar, forlag og trykkeri  
Sikra god organisering og god framdrift frå alle involverte partar og bidragsytarar i utarbeidinga av boka. Sjå til at prosjektet blir gjennomfør innanfor gitte økonomiske rammer. 

Kvalifikasjonar

Høg kompetanse, godt overblikk og brei kunnskap innan historie og samfunn
Det er ønskjeleg med god kjennskap til lokalsamfunnsmessige forhold i kommunen 
Erfaring frå redaksjonsarbeid, sakprosamessig forfattarskap e.l. Erfaring frå tilsvarande eller samanliknbart prosjektarbeid 
Erfaring frå å organisera, koordinera og kvalitetssikra arbeid med fleire aktørar, bidragsytarar og medforfattarar 
Særs god skriftleg formuleringsevne og feilfri nynorsk rettskriving   

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

 

Personlege eigenskapar

Du har: 
God evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, målretta og planmessig innan gitte fristar og vedtatte føringar 
Lagånd. Utprega kommunikasjons- og samarbeidsevner 
Stort engasjement, pågangsmot og interesse for prosjektet 
Initiativ og iderikdom – evne og forståing for korleis utarbeida ei bygdebok med brei appell på tvers av alder/ generasjonar. 
Ei heilskapleg og kvalitetsbevisst forståing av prosjektet 
Generelt god rolle- og prosjektforståing 
God lokalkunnskap 

Vi tilbyr

Løn etter avtale 
Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Spanande utfordringar 
Godt arbeidsmiljø 

Anna: 
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar 
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår  

Kontaktinformasjon

Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4875757765
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 06.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kultur, Klepp kommune orgnr: 916851278
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

 

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e56913e8-2fff-41ca-8b69-2d2f2f2dbdf3
IMPORTAPI