Radiologen er død? Lenge leve radiologen + KI! – Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Health and social care Lege(16 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-10-2024
Deadline: 13-11-2024
Radiologen er død? Lenge leve radiologen + KI!
Radiologen er død, lenge leve radiologen + KI!
Kunstig intelligens (KI) er på full fart inn i radiologien. Nokon fryktar kanskje at KI vil overta heilt, og at radiologar i framtida vil bli overflødige. Dette er langt frå sanninga, men radiologar som kan nytte seg av KI vil i framtida erstatte radiologar som ikkje kan nytte seg av dette. KI vil kunne bidra til raskare diagnostikk, færre rutineoppgåver og ein meir spennande arbeidskvardag.
Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste stillingar som lege i spesialisering (LIS) og fleire vikariat med mogeleg forlenging. Oppstart etter avtale. Vikariat er i inntil 12 månader og kan telje som del av spesialistutdanninga.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Som LIS hos oss får du stor grad av autonomi samtidig med trygge rammer på vakt. Vi planlegg å auke frå éin til to LIS på vakt på nattestid i løpet av 2025. Det er også rom for tilpassingar som kan gjere kvardagen enklare, som til dømes fordjupningstid heime. Hos oss vil du bli ein del av eit engasjert og triveleg fagmiljø. Du vil få ei førsteklasses utdanning i radiologi, og bli førebudd på framtida innan bildediagnostikk – som er no!
Kva vil du jobbe med hos oss?
- LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye utan erfaring LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt
- Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten
Arbeidsoppgåvene er:
- Seksjonsrotasjon, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
- Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
- Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
- Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
- Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
- Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
- Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, B2-nivå både munnleg og skriftleg
Vi ser føre oss at du
- har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- har interesse og motivasjon for fagfeltet
- etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
- har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
- kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eric Alexander Resnes, Assisterande avdelingsoverlege, 55970907, eric.alexander.resnes@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4878575661
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 13.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Radiologisk avdeling, Helse Bergen orgnr: 974557746 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |