Stillingsbeskrivelse

Published 02-09-2024
Deadline: 29-09-2024

 

Radiograf til faste stillingar ved Skadepoliklinikken, Radiologisk avdeling

Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling som nyttar Sectra RIS og PACS-system. Avdelinga har over 350 tilsette der kring 160 av dei er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar. 

I Bergen Helsehus driv Radiologisk avdeling Skadepoliklinikken i tett samarbeid med Ortopedisk klinikk. Radiografane tilsett ved Skadepoliklinikken både greier ut og behandlar pasientar med akutte skadar. Her jobbar radiografar, legar, sjukepleiarar og merkantile saman, med fokus på teamarbeid gjennom pasientforløpet. Frå januar 2025 startar ein også med drift av mobil røntgen som eit tilbod til kommunehelsetenesta i Bergen kommune og omliggande kommunar.

Frå 1. desember 2024 har Radiologisk avdeling, Skadepoliklinikken ledig to faste stillingar som radiograf. Vi ser etter deg som ønsker å bidra fagleg og utvikle deg innan konvensjonell røntgen.

Arbeidsoppgåver

  • Radiograffaglege oppgåver innanfor fagfeltet radiografi/ortopedi
  • Todelt turnusarbeid, arbeid kvar fjerde helg i gjennomsnitt
  • Mottak, diagnostisering og behandling av pasientar med skade.
  • Arbeid i Sectra og DIPS
  • Koding og dokumentasjon
  • Bistå legar med reponering og gipsing av brot og luksasjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysingsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til tverrfagleg samarbeid
  • Interesse for radiografifaget
  • Likar å jobbe aktivt og variert

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Relevant opplæring
  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Iselin Herland, Seksjonsleiar, 99268685, iselin.herland@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Solheimsgaten 9
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4850507569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Radiologisk avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Radiograf og audiograf
Sted BERGEN (Adresse: Solheimsgaten 9 Postnr: 5058)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/277f05aa-d67d-4025-a2f7-b050d10c8294
IMPORTAPI