Radiograf – Radiologi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Radiograf og audiograf

(18 timer siden)

  • KRISTIANSUND N
  •  Lagt til dato: 17. desember 2024
  •  Expire date: 5. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Radiograf

Vi søkjer no etter radiograf til 100 % fast stilling ved seksjonen vår i Kristiansund.


Klinikk for diagnostikk – Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund – Seksjon Radiologi Kristiansund.
Radiologi Kristiansund er ein seksjon med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, DEXA og røntgen. Seksjonen har 28 stillingar.
Tilsettinga inneber førebels arbeid i turnus. Oppstart 01.04.2025, eller etter avtale med seksjonsleiar. Når SNR Hjelset står ferdig, vil ein del av stillinga bli knytt til arbeid ved radiologisk avdeling der.

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre arbeidsoppgåver i seksjonen etter funksjonsbeskriving som radiograf.
  • Tilleggsoppgåver ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf.
  • God kjennskap til fagområdet.
  • Evne til å meistre ulike dataprogram i arbeidet.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, vilje og evne til omstilling, og interesse for vidareutvikling.
  • Evne til å tenkje heilskapleg, kunne prioritere, velje vekk og halde fokus.
  • Handlekraftig, initiativrik og sjølvstendig.
  • Systematisk, mål- og resultatorientert.
  • Meistre norsk språk godt, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • Krevjande, utfordrande og varierte oppgåver i ein seksjon som er i endring og utvikling.
  • Trivelege kollegaer og eit svært godt arbeidsmiljø.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Kontaktinformasjon

Vibeke Aandahl, Seksjonsleiar, 46542821, Vibeke.Aandahl@helse-mr.no

Arbeidssted

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4897152446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Radiologi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 993520314
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Radiograf og audiograf
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f87fa840-1af8-4d9c-ba87-3636051dc020
IMPORTAPI