Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Rådgjevar/spesialkonsulent – idrett og anlegg

Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland. 

Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd.

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss.  Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og serftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde. Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen. 

Arbeidsoppgåver

• Bidra til å understøtte og samordne Vestland fylkeskommune sin politikk for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og anlegg
• Vidareføre og styrke arbeidet med ei berekraftig anleggs- og aktivitetsutvikling i Vestland
• Forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til regionale samarbeidspartnarar (kommunar, organisasjonar og institusjonar)
   – ei hovudoppgåve er å behandle søknader om spelemidlar om anlegg for idrett og fysisk aktivitet
   – oppfølging av søkjarar om tildelte midlar, utvikling av anleggsprosjekt og avslutning av rekneskap
   – rettleiing av søkjarar og kommunar om spelemiddel ordninga og anleggsutvikling
• Prosjektleiing innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og anlegg
• Planlegge og gjennomføre kurs og kompetanseheving innan feltet
• Samarbeide med frivillige organisasjonar
• Strategisk utvikling av fylkeskommunen sitt arbeid med idrett og fysisk aktivitet
• Oppfølging av kommunale og fylkeskommunale planar
• Utarbeide kunnskapsoversikt og drive informasjonsarbeid innan fagfeltet

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på mastergradnivå (i særlege tilfelle kan dokumentert realkompetanse kompensere for krav om master)
• Kjennskap til fagområdet og relevante lovverk
• Erfaring med plan- og utviklingsarbeid
• Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
• God økonomisk forståing
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap

Personlege eigenskapar

• Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
• Ha gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk
• Evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar
• Evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
• Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

• mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringer og livsfaser
• ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
• faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA) og likestilt arbeidsliv
• løn og stillingstittel etter kvalifikasjonar
• gode forsikrings- og pensjonsordningar
• fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Hanne Marthe Espe, Leiar fageining idrett og friluftsliv, 99769453, hanne.marthe.espe@vlfk.no
Britt Karen Spjeld, Seksjonsleiar, 45666326, britt.karen.spjeld@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4872945806
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KFO – Fysisk aktivitet og inkludering, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.vestlandfylke.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Sport og idrett
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1d24d2b3-f2b1-4783-a246-762a4342640c
IMPORTAPI