Rådgjevar/seniorrådgjevar – landbruk – Statsforvaltaren i Vestland

Natur og miljø Jordbruk og dyrehold

(22 timer siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 10. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Rådgjevar/seniorrådgjevar – landbruk

Om stillinga

Brenn du for norsk landbruk? Ønskjer du å legge til rette for matproduksjon i heile Vestland? 

Landbruket produserer mat, drikke og trefiber, og forvaltar areal, landskap og naturmangfald. Vi skal vere eit rådgjevande kompetansesenter for kommunane og næringa. Saman med fylkeskommunen, Innovasjon Norge og landbruksnæringa bidreg vi til å sikre matproduksjonen og auke verdiskapinga i landbruket. 

Statsforvaltaren samordnar den nasjonale politikken på fylkesnivå. Det gjer vi ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og kontroll. Vi har til saman seks fagavdelingar med mange ulike oppgåver. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har kring 30 tilsette, hovudsakleg i Førde og i Bergen. Vi har og kontor på Leikanger. Kontorstaden for denne stillinga er Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Forvaltning og rådgjeving til kommunane og landbruksnæringa om realbruk og vern av produksjonsareal
  • Forvaltning, informasjon og oppfølging av ulike økonomiske støtteordningar 
  • Andre relevante forvaltingsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning innan landbruk, natur og biologi, helst på masternivå. Lang relevant arbeidserfaring kan erstatte formell utdanning.
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå landbruksnæringa eller offentleg forvaltning, men stillinga høver også for nyutdanna.
  • Generell IKT-kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
  • Gode evner til formidling og samarbeid.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt.

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • knyte kontaktnett i landbruksnæringa
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordningar.
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • høve til heimekontor
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk

Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.

Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. 

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statsforvaltaren i Vestland orgnr: 974744597
Kort om arbeidsgiver

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Webside https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/
Bransje Natur og miljø
Yrke Jordbruk og dyrehold
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadgården, Fjellvegen 11 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/88c0e945-80d0-4f8a-b139-f330e603b01d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269207