Rådgjevar/seniorrådgjevar – Klima- og miljødepartementet
Natur og miljø Jordbruk og dyrehold(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-04-2025
Deadline: 11-05-2025
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Kva gjer vi i seksjonen?
Skogseksjonen arbeider for å ivareta naturmangfaldet i skog og ope lågland og kulturlandskap, og koordinerer avdelinga sitt arbeid med truga natur. Seksjonen har i tillegg ansvar for departementet sitt arbeid med verneområdeforvaltning, markalova, naturmangfaldlova, konsekvensutgreiingar og genmodifiserte organismar.
Om stillinga:
Vi søkjer ein erfaren medarbeidar til eit vikariat på 12 månader, med moglegheit for forlenging. I denne stillinga vil du få høve til å arbeide med eit økosystem med store naturverdiar, men også møte utfordringar og målkonfliktar. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar og departement, og jobbe nært på politiske beslutningsprosessar. Dette er ei unik moglegheit for deg som har erfaring og ønskjer å bidra til viktige samfunnsoppgåver.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Som medarbeidar vil du ha ansvar for saksbehandling og kunnskapsarbeid innan seksjonens ansvarsområde, med fokus på økosystemet kulturlandskap og ope lågland. Du vil arbeide med naturmangfald i jordbrukets kulturlandskap, pollinerande insekt, jordhelse, matsystem og bioøkonomi. I tillegg vil du arbeide med jordbruksforhandlingane, inkludert innhenting og samanstilling av faggrunnlag frå underliggande etatar, førebu saker til politisk leiing, og følgje opp oppgåver etter jordbruksoppgjeret.
Arbeidsoppgåvene krev omfattande samarbeid både internt og med andre departement, og du vil gi faglege råd til politikkutvikling, handtere enkeltsaker, skrive talar og snakkepunkt til arrangement og møte, samt vurdere saker frå andre berørte departement.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
Nødvendig:
- Høgare utdanning på masternivå/hovudfagnivå med gode resultat.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Relevant erfaring.
Ønskjeleg:
- Relevant erfaring med ansvarsområda som ligg til stillinga knytt til jordbruk, naturmangfald og kulturlandskap mv, gjerne frå offentleg forvaltning.
- Erfaring med tverrgåande miljøtema innanfor kulturlandskapet til jordbruket vil telja positivt.
Stillinga krev at du kan bli autorisert etter sikkerheitslova på nivå BEGRENSET. Vil du vite meir kan du gå inn på nsm.no
For å lukkast i stillinga må du:
- Ha gode analytiske eigenskapar og evna til nytenking og strukturert arbeid.
- Ha gode samarbeidseigenskapar og evna til å finna gode løysingar ved interessemotsetningar.
- Forstå rolla som embetsverk for ei politisk leiing.
- Sette deg raskt inn i nye problemstillingar og levere under tidspress.
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig og kunne ta eigne avgjerder.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
Hos oss får du store moglegheiter for læring og utvikling. Du vil bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og få eit unikt høve til å gi faglege råd til politisk leiing. Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin. Klima- og miljødepartementet gir gode moglegheiter for utvikling, og vi er opptekne av at alle skal ha eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr eit breitt spekter av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Dei moderne lokala våre ligg sentralt i Oslo, og det er kort veg til offentleg transport. Vi heiar på fellesskap og samarbeid på tvers.
Les meir om å jobba i KLD.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode moglegheiter for tilrettelegging. Kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkje.
Lønn:
- Årslønn for rådgjevar: fra kr 600 000 – 730 000.
- Årslønn for seniorrådgjevar: fra kr 660 000 – 880 000.
Avhengig av dine kvalifikasjonar og år med relevant arbeidserfaring vil du bli tilsett som rådgjevar eller seniorrådgjevar, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet. Som ein hovudregel blir det kravd minimum to års relevant erfaring for å bli rådgjevar, og fem år som seniorrådgjevar.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse. Som tilsett hos oss blir du medlem av Statens pensjonskasse (SPK), noko som gir deg ei rekkje fordelar. Medlemskap i SPK sikrar deg ei pensjonsordning og gunstig opptening som gir økonomisk tryggleik både under og etter arbeidslivet. SPK tilbyr også gode forsikringsordningar som sikrar deg og dine næraste. Som medlem har du tilgang til gunstige låneordningar.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klima- og miljødepartementet orgnr: 874625752 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette. Naturforvaltningsavdelinga har som hovudansvar å utvikle politikk innanfor vern og berekraftig bruk av naturmangfald og friluftsliv. Avdelinga jobbar mellom anna med områdevern (som barskogvern, nasjonalparkplanen, fylkesvise verneplanar), rovvilt- og anna viltforvaltning, motverking og regulering av framande organismar, vassforvaltning, villaks- og innlandsfiskforvaltning, avgifter, arealforvaltning og konsekvensutgreiingar. Avdelinga gjer vurderingar av miljøvernaspekt knytt til jord- og skogbruk, energi- og havbruksnæringane, og miljørisikovurderingar knytt til bruk av genmodifiserte organismar, motorferdsel og naturoppsyn. |
Webside | http://www.miljo.no |
Bransje | Natur og miljø |
Yrke | Jordbruk og dyrehold |
Sted | OSLO (Adresse: Kongens gate 20 Postnr: 0153) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-05-2025 |