Stillingsbeskrivelse
Published 03-04-2025
Deadline: 21-04-2025
Rådgjevar PPT Voss herad
Det er ledig 100 % fast stilling som pedagogisk-psykologisk rådgjevar ved Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) Voss frå 1.august 2025
Om arbeidsstaden
PPT er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Kommunalavdelinga har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering og vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord og Voss. Tenestestad er Voss. Arbeid i begge kommunane må påreknast. PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med rådgjevarstillingar, spesialpedagogar, logopedar, meistringsteam og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester. Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og sakkunnig arbeid
- Rettleiing/rådgjeving til elev, føresette, skule
- Systemretta arbeid
- Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
- Tverrfagleg samarbeid
Krav til søkjar
- Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi
- God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i skule
- Kunnskap om åtferdsutfordringar
- God digital kompetanse
- Gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter
- Godkjent politiattest vert å leggje fram før tiltreding av stillinga
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
Det er eit krav om at den som vert tilsett har sertifikat klasse B
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me
oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO