Rådgjevar PPT – Vindafjord kommune PPT

Education Ledere av undervisning og utdanning

(16 timer siden)

  • ØLEN
  •  Lagt til dato: 19. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Rådgjevar PPT

Me søker:

Rådgjevar PPT i 100 % vikariat fom 02.01.25 tom 30.06.25.

Stillinga er plassert i Pedagogisk-psykologisk teneste for Etne og Vindafjord, der Vindafjord er vertskommune for Etne kommune. PP-tenesta er ei verksemd med 7 fagstillingar i tillegg til leiar og merkantil, der ein av stillingane er som logoped. PP-tenesta er organsiert under skuleigar i Vindafjord kommune.

Vårt team består av ein engasjert, modig og framoverlent gjeng med eit godt arbeidsmiljø og dyktige fagpersonar. Me er opptekne av inkluderande praksis som ser samanheng mellom allmennpedagogikk og spesialpedagogikk.

Me støttar barnehagar og skular med å leggje opplæringa betre til rette for å fremma inkludering, utvikling og læringsutbyte for barn og elever. Dette skjer gjennom førebyggjing og tidleg innsats. I det førebyggjande arbeidet har me som mål å bidra til kompetanseutvikling og robuste system i konteksten barnet/eleven er ein del av. PPT har også ei sakkyndig rolle som inneber utarbeiding av sakkyndig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det. Den sakkyndige vurderinga er grunnlaget for kommunen sine vedtak om spesialpedagogisk hjelp (barnehage) og individuell tilrettelegging (skule og vaksenopplæring).

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleia skular og barnehagar i å identifisera, kartleggja, analysera og iverksetja tiltak som fremjar inkludering, læring og eit trygt psykososialt miljø.
  • Bistå i å utarbeida ein god modell for samarbeid med barnehagane og skulane, slik at me sikrar rett hjelp til rett tid.
  • Deltaking i tverrfagleg støtteteam på einingsnivå for tidleg innsats på individ og systemnivå.
  • Utreda barn/unge/vaksne sine behov og gje råd som grunnlag for barnehagen/skulen/vaksenopplæring si utforming av enkeltvedtak i saker der PP-tenesta er sakkyndig.
  • Vera ein samhandlingspart med andre instansar for barn/unge/vaksne sin oppvekst og utvikling i kommunen.

Dine kvalifikasjonar:

  • Master-/hovedfag i pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Gode kunnskapar om PP-tenesta sitt mandat, organisering og arbeid. Samt kjennskap til lovar og forskrifter i skule og barnehage.
  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk.
  • Førerkort klasse B.
  • Moglegheit for å nytta eigen bil i tenesta.

Ønskjeleg med:

  • Grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn
  • Test- og utgreiingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring i rettleiing på barnehage og grunnskulen sitt område.

Personlige eigenskaper:

  • Du er strukturert og kan arbeida sjølvstendig.
  • Du er ein god samarbeidspart internt og ut mot organisasjonane me jobbar inn mot.
  • Du meistrar å arbeida individuelt og i team, med god kompetanse i møteleiing og samhandling.
  • Du likar å arbeida med varierte oppgaver, med ein fleksibel tilnærming.
  • Du syner god forståing for organisasjon, mandat og tverrfagleg samhandling.
  • Du er positiv til ny kunnskap og oppteken av å heva eigen og kontoret sin kompetanse.
  • Du er ein god bidragsytar sosialt, og oppteken av å spela andre gode.

Me legg vekt på personlege eigenskapar.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune PPT orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med vel 9000 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 1 Postnr: 5580)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c5e43733-db7c-4493-af4f-8454ad563b6b
IMPORTAPI