Rådgjevar Beredskap og fysisk sikkerhet – Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)

IT Utvikling

(1 dag siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 2. desember 2024
  •  Expire date: 31. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 02-12-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Rådgjevar Beredskap og fysisk sikkerhet

Vi er DIO!

Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar, gjennom forsterka sikkerhet og større teknologisk moglegheitsrom.

Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.

Med eit stort og kompetent tverrfagleg miljø, treng vi fleire dyktige kollegaer som kan hjelpe oss med å skape løysningar som verkeleg betyr noko for samfunnet. Vil du vere med på å styrkje Noregs demokratiske institusjonar gjennom teknologi?

Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon – DIO.

Vi står overfor ein betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éi digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Dette krev ein fremtidsretta HR-strategi og solid støtte til våre leiarar – og her kjem du inn.

Kva blir dine oppgåver?

Som rådgjevar for beredskap og fysisk sikkerhet vil du spele ei sentral rolle i å sikre at DIO er førebudd på framtidige kriser og sikkerhetsutfordringar. Du blir ein del av seksjonen Strategisk sikkerhet, som har ansvar for å etablere og vedlikehalde heilskaplege sikkerhets- og beredskapsløysingar for DIO. Seksjonen jobbar med å sikre ein forsvarleg sikkerhetskultur og kontinuerleg forbetring av våre beredskaps- og sikkerhetssystem.

I di rolle vil du bidra til utvikling og gjennomføring av beredskapsplanar, øvingar og kravsetting, samtidig som du jobbar tett med både interne og eksterne aktørar, som Statsbygg, for å sikre at våre fysiske sikkerhetstiltak oppfyller nødvendige krav.

Som rådgjevar for beredskap og fysisk sikkerhet vil du ha ansvar for:

  • Beredskapsplanlegging: Utarbeide, implementere og vedlikehalde beredskapsplanar for DIO.
  • Øvingar: Planleggje og gjennomføre øvingar som testar organisasjonen si beredskapsevne.
  • Ansvar for Sivilt beredskapssystem (SBS) i DIO: Inkludert koordinering og rapportering.
  • Eksternt samarbeid og kravstilling: Kravstillar mot Statsbygg og andre aktørar for å sikre at fysiske tryggingstiltak og beredskapskrav blir ivaretekne i byggeprosjekt.
  • Risikorapportering: Sikre at risikorapporteringa er oppdatert og reflekterer ei heilskapleg forståing av risikoane som kan påverke DIO si verksemd.
  • Rådgjeving og opplæring: Gje råd til leiinga om risiko- og sikkerhetsspørsmål, samt bidra til å byggje kompetanse internt gjennom opplæring og rettleiing.
  • Policy og retningslinjer: Utvikle, revidere og oppdatere policyar og retningslinjer knytt til risiko- og sikkerhetsstyring for å sikre effektiv implementering og overhaldelse, innan fysisk sikkerhet og beredskap.
  • Sikkerhetslovgiving: Sørgje for at DIO opererer i samsvar med nasjonale og internasjonale lover og reglar for sikkerhet, inkludert tryggingslova og anna relevant regelverk.
  • Sikkerhetskultur: Bidra til å utvikle og vedlikehalde sikkerhetskulturen i DIO, med særleg fokus på kontinuerleg forbetring av beredskapsprosessar.
  • Øvrig: Bistå med seksjonen sine øvrige ansvarsområde

Kven er du?

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning: Fullført relevant bachelorgrad innanfor område som beredskap, samfunnssikkerhet, sikkerhetsleiing, eller liknande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring innan beredskap, krisehandtering eller fysisk sikkerhet, gjerne frå offentleg sektor.
  • kjennskap til Sivilt beredskapssystem (SBS) og relaterte krav.
  • kompetanse innan utarbeiding av beredskapsplanar og gjennomføring av øvingar.
  • erfaring med samarbeid med eksterne aktørar, for å sikre at sikkerhets- og beredskapskrav blir ivaretekne.
     

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå offentleg sektor eller større komplekse verksemder: Forståing for offentlege krav og reglar, samt erfaring frå sikkerhetsarbeid i store organisasjonar.
     

For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som:

  • er engasjert: Du er motivert av vårt samfunnsoppdrag og ønskjer å bidra til fellesskapets beste.
  • har høg integritet og eit sterkt engasjement for sikkerhet.
  • er analytisk og detaljorientert: Du har evna til å sjå både heilskapen og detaljane og finn praktiske løysingar for å handtere sikkerhetsutfordringar.
  • er ein lagspelar: Du trivst med å samarbeide tett med leiing og tverrfaglege team, og du byggjer tillit gjennom gode relasjonar.
  • har høg gjennomføringsevne: Du er strukturert, og jobbar effektivt, sjølv under tidspress.
  • er utviklingsorientert: Du er fleksibel og open for endringar, og driv kontinuerleg forbetring.
  • har sterke skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på både norsk og engelsk, med evne til å formidle sikkerhet og risiko til ulike målgrupper.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vilkår og betingelsar

Vi tilbyr:

  • eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag
  • gode utviklingsmoglegheiter og moglegheit til å påverke selskapets vidare utvikling
  • eit inkluderande fagmiljø beståande av høgt kompetente medarbeidarar, med fokus på trivsel og fagleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid og øvrige velferdsgoder
  • lokaler i hjartet av Oslo
     

DIO er ein ny etat som blir operativ frå 1.1.2025. Ettersom vi er under etablering, må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver, innen relevant ansvarsområde, kan endrast for å tilpasse DIO sine utviklingsbehov og strategiske målsettingar.

Stillinga blir lønna som rådgjevar (stillingskode 1434) med bruttolønn pr. år frå kr 604 900 til kr 720 100. Alternativt som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med bruttolønn pr. år frå kr 720 100 til kr 845 900, jf. Hovudtariffavtalene i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Tilsetjing føreset at kandidaten kan sikkerhetsklarerast for nivå HEMMELEG/NATO SECRET etter krav i Sikkerheitslova, og bli autorisert, på tiltredingstidspunktet.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentlege, sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkjarlista.

Vil du bli ein av oss?

Vil du snakke med oss om stillinga? Då kan du kontakte:

Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon. Vi understøtter to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Vårt oppdrag er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon. 

Våre grunnverdiar er å vere ansvarleg, inkluderande og ein pådrivar for positiv endring. 

Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møte desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.

  • Eigardepartement: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
  • Direktør: Anders Aagaard Sørby
  • Tilsette: ca. 230 personar
  • Hovudkontor: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerande lokaler i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og i Victoria Terrasse.
  • Operativ frå: 01.01.2025

 

Les meir på dio.dep.no

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/dfd/id810/
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted OSLO (Adresse: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) Postnr: 0155)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/708fa650-8e32-4283-9509-460e07d9965f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269879