Rådgjevar/Avtaleforvalter – divisjon vest, Sykehusinnkjøp HF

Kontor og økonomi Juridisk arbeid

(18 timer siden)

  • STAVANGER
  •  Lagt til dato: 31. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Rådgjevar/Avtaleforvalter

Sjukehusinnkjøp HF er eit helseføretak som inngår og følgjer opp kontraktar på varer og tenester for spesialisthelsetenesta. Me er ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i Noreg og har eit sterkt fagmiljø
innan offentlege anskaffingar. No søkjer me nye medarbeidarar i kategoriområda «Støttetenester og administrative kjøp» samt «Medisinteknisk utstyr og laboratorie» med kontorstad i Stavanger og/eller Bergen. 

Kven ser vi etter? 
Du har høgare utdanning og gjerne erfaring innen kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging. Det er viktig for oss at du har gode kommunikasjonsevner og har god merkantil og juridisk forståiing. Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta, men me er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Søk gjerne om du kjem frå det private
næringslivet. 

Hovudoppgåva er å følge opp egen portefølje av avtalar frå implementering og oppstartsmøter med nye leverandører og brukerne, og tilrettelegging i logistikksystem. I kontraktsperioden vil det være handtering av endring og avvik, anskaffa på rammeavtalar ved minikonkurransar, rådgiving til brukare og oppfølging av leverandørar. Avtaleforvaltarane er også involverte ved oppstart av anskaffingar sfor å legge til rette for forvaltning i ei tidleg fase. I tillegg må ein rekne med oppgåver knytt til nasjonale avtalar, og forvaltning av avtalar i andre kategoriar/avdelingar. Utover dette er vi i en kontinuerleg utvikling og ønskjer oss deg som vil bidra til vår forbetring.  

Det er ønskeleg at du har interesse for arbeid i spesialisthelsetenesta generelt, og fagområda spesielt. Det er også viktig for oss at du er strukturert og sjølvstendig, at du vil bidra til deling av kompetanse og har godt humør. Du vil møte profesjonelle kollega i eit meget godt arbeidsmiljø. Du vil opparbeide deg viktig erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid. Vi held til i trivelege og moderne lokaler. I Stavanger i «Måltidets hus» i Innovasjonsparken på Ullandhaug som også er tett på det nye sjukehuset (NyeSUS). I Bergen har vi lokaler i Kronstadparken. 

Arbeidsoppgåver

  • Forvalte avtalar ved å legge til rette i logistikksystem, rådgiving, handtering av endring og avvik, samt oppfølging av leverandører
  • Overvåking av eksisterande avtale- og leverandørportefølje
  • Identifisare behov for avtalar
  • Delta i utvikling av sortiment
  • Merkantil og fagleg oppfølging og utvikling av avtalar
  • Utstrakt kontakt med interne og eksterne interessentar og samarbeidspartnarar
  • Anskaffa på rammeavtalar ved minikonkurransar etter kundane/brukaranes behov
  • Bidra til utvikling og kompetanseheving for foretaket
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Du har høgare utdanning innan relevante fagområde
  • Ønskeleg med erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid, gjerne innan offentlege anskaffingar
  • God skriftleg og muntleg fremstillingsevner
  • Ein fordel med erfaring med og interesse for bruk av relevante IKT-verktøy

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull – du er nøyaktig, serviceinnstilt og sjølvstendig
  • Handlekraftig – du tek initiativ, evnar å leia og gjennomføra
  • Kommuniserande – du er tydeleg både munnleg og skriftleg, inviterer til dialog og samarbeider godt
  •  Inspirerande – du er kompetent, løysingsorientert og har godt humør 
  • Endringsvillig – du er fleksibel og evnar raskt å ta på deg nye oppgåver
  • Heilskapstenkjande – du evnar å sjå Sjukehusinnkjøps bidrag til forbetring av spesialisthelsetenesta

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
  • Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  •  Fleksibel arbeidstid 
  • Moglegheit for heimearbeid
  • Moderne, trivelege lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar

Merr om oss

Sjukehusinnkjøp HF er eit landsdekkjande helseføretak delt opp i geografiske divisjonar. Me i divisjon vest
støtter i hovudsak sjukehusa i Helse Vest. Divisjonen har 60 medarbeidarar, hovudkontor i Bergen, og
kontorstader i Stavanger og Haugesund.

Vi inngår årleg kontraktar på omtrent 5 milliardar kroner.
Sjukehusinnkjøp HF jobbar kategoriorganisert og er tett på fagpersonar i sjukehusa. Vi er eit ambisiøst
anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetra prosessane våre, kvaliteten i
anskaffingar og kontrakts- og leverandørforvaltning. Vi har også fokus på innovasjon, miljø og
samfunnsansvar.

Søknadsprosessen

Denne annonsen er på nynorsk – men hjå oss i Sykehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.

Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte blir kalla inn til intervju. Me har vanlegvis to
intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine,
uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.

Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot
oppføring må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje
blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglovas §25.

Kontaktinformasjon

Friedemann Starck, Avdelingsleder Medisinsk teknisk utstyr og laboratorie, 90624657, friedemann.starck@sykehusinnkjop.no
Julie Rinde, avdelingsleder støttetjenester og administrative kjøp, +47 93417754, julie.rinde@sykehusinnkjop.no

Arbeidssted

Richard Johnsens gate 4
4021 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sykehusinnkjøp HF

Referansenr.: 4879701615
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver divisjon vest, Sykehusinnkjøp HF orgnr: 915809731
Kort om arbeidsgiver

Sykehusinnkjøp HF er et nasjonalt foretak som leverer anskaffelses- og innkjøpsrelaterte tjenester til norske sykehus. De fire regionale helseforetakene eier foretaket og er samtidig våre oppdragsgivere. Hovedkontoret vårt er i Vadsø, og vi har divisjonskontor i hele landet. Sykehusinnkjøp HF skal ha strategisk og operativt ansvar for innkjøp i hele spesialisthelsetjenesten, og være profesjonell, spesialisert og tilgjengelig for brukerne. Vi skal fremme innovasjon, og være en pådriver for etisk handel og miljøvennlige innkjøp. Se også www.sykehusinnkjop.no.


Webside http://sykehusinnkjop.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted STAVANGER (Adresse: Richard Johnsens gate 4 Postnr: 4021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a58206a2-7208-4497-bc3f-08329d0e7d43
IMPORTAPI