Rådgjevar – Årdal Utvikling

Sales, retail and retail trade Markedsforing og reklame

(6 timer siden)

  • ØVRE ÅRDAL
  •  Lagt til dato: 2. oktober 2024
  •  Expire date: 20. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 02-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Rådgjevar

Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling sin ambisjon er å legge til rette for næringsutvikling, berekraftig verdiskaping og fleire arbeidsplassar. Vi er ansvarlege for å utarbeide og gjennomføre den strategiske næringsplanen for Årdal kommune.

Hva vi ser etter

Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med å vidareutvikle næringslivet og samfunnsutviklinga i Årdal kommune.

Om du har interesse for samfunn- og næringsutvikling og oppfyller nokre av punkta vi ser etter nedanfor, ynskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg.

Arbeidsoppgaver

Vi søker deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:

  • Berekraft/grøn omstilling. Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas industriutvikling i Årdal og på regionsnivå.

  • Gründerskap/førstelinjeteneste. Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.

  • Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Vi har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.

  • Omdømebygging. Du er gjerne god på kommunikasjon. Vi skal profilere det gode arbeidet vi gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.

  • Prosjektarbeid. Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.

Vi tilbyr

  • Du får arbeida med interessante, spanande og allsidige oppgåver.

  • Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.

  • Vi har kontor i Årdal Teknologipark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.

  • Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal — midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Årdal Utvikling orgnr: 973547623
Kort om arbeidsgiver

Årdal Utvikling er organistert som ei stifting og er Årdal kommune sitt verktøy for gjennomføring av strategisk næringsplan.

Gjennom dette arbeidet bidreg ein til berekraftig næringsutvikling med fokus på å legga tilhøva til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmoglegheiter, nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.

Webside https://www.ardal-utvikling.no/
Bransje Salg og service
Yrke Markedsføring og reklame
Sted ØVRE ÅRDAL (Adresse: Verksvegen 5 Postnr: 6884)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0a86ca76-6a6c-4399-abca-9b7b3bb18b5e
Stillingsregistrering