Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 08-01-2025
Rådgivar
Vil du jobbe med samfunnstryggleik og beredskap?
Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i justis- og beredskapsseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Seksjonen har ansvar for våre oppdrag knytt til samfunnstryggleik og beredskapsarbeid, klagesaker etter plan- og bygningsloven m.fl. Seksjonen følgjer opp og rettleiar kommunane innafor desse områda og samordnar arbeidet med samfunnstryggleik i fylket. Statsforvaltaren skal vere pådrivar, rettleiar og kompetansegjevar for kommunane og regionale statsetatar i deira arbeid med førebyggjande samfunnstryggleik, beredskapsplanlegging og krisehandtering. Arbeidet med beredskap inneheld kontakt med kommunar, regionale statsetatar og nasjonale fagstyresmakter.
Hovudarbeidsområde:
- Arbeid med interne beredskapsfaglege oppgåver
- Tryggleiksadministrasjon
- Sivil-militært samarbeid og vidareutvikling av totalforsvaret
- Planlegging og gjennomføring av øvingar
- Evaluering og erfaringslæring etter øvingar og reelle hendingar
- Oppfølging av kommunal beredskapsplikt gjennom rettleiing og tilsyn
- Analysar av risiko og sårbarheit
- Oppfølging av samfunnstryggleik i kommunal planlegging
Andre oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap kan òg vere aktuelle. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere fleksibel og open for endringar i oppgåver og ansvarsområde. Du vil vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren, og ved behov inngå i ei vaktordning.
Kva kompetanse søker vi
- Relevant høgare utdanning- minimum bachelor nivå. Utdanning og erfaring frå risiko- og sårbarheits analyse, beredskapsplanlegging, tryggleiksadministrasjon, handtering av graderte informasjonssystem, samfunnstryggleik og offentleg samfunns- og arealplanlegging er særleg relevant. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast ved lang og relevant praksis kombinert med anna relevant universitet- og høgskoleutdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kva ser vi etter hos deg
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, samarbeide med andre, ta initiativ og vise handlekraft.
- God vurderingsevne og samfunnsforståing.
- God brukarkunnskap innan IKT
- Førarkort minimum klasse B, men det er ikkje eit absolutt krav.
Den som vert tilsett må kunne tilfredsstilla krava til tryggleiksklarering og autorisasjon for HEMMELEG.
Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.
Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr .
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur»
For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 71258460/ 99702229.
Søknadsfrist: 08.01.2025
DIVERSE INFO