Rådgivar/spesialkonsulent-  barnehage – Sektor for læring og kultur

Education Forskolelaerer

(1 uke siden)

  • HAREID
  •  Lagt til dato: 10. september 2024
  •  Expire date: 25. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-09-2024
Deadline: 25-09-2024

 

Rådgivar/spesialkonsulent-  barnehage

Vi har tre kommunale og ein privat barnehage i kommunen. No ser vi etter deg som vil rettleie og sjå til at alle barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande regelverk.
Kommunalsjefen blir din næraste leiar, og arbeidsstaden din blir på Hareid rådhus.  

Vår nye medarbeidar har 

  • barnehagefagleg og/eller anna relevant pedagogisk utdanning på universitets-/høgskulenivå
  • arbeids- og leiarerfaring frå barnehage
  • det kan vere ein fordel med erfaring fra forvalting og saksbehandling

Du må ha kunnskap om lov- og avtaleverk innan barnehageområdet. Du har gode ferdigheiter i å bruke IKT som arbeidsverktøy, og er ein god rettleiar. 

Arbeidsoppgåver

  • styrke det tverrfaglege arbeidet for barn og unge i kommunen
  • utviklings- og endringsarbeid, kompetanseutvikling, tilskot, søknadar og rapportar
  • tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med særskilde behov
  • tilsyn, oppfølging og rettleiing av barnehagane
  • samordna og supplerande opptak til barnehagane
  • foreldrebetaling og moderasjonar
  • sakshandsaming for kommunale utval i barnehagefaglege saker
  • halde orden på rettleiarar, rutinar og system

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.

Personlege eigenskapar

Du

  • er god på kommunikasjon og kjem lett i kontakt med folk
  • er fagleg trygg og har engasjement for barn og unge
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • let deg begeistre av, og motiverer andre i utviklings- og endringsarbeid
  • er personleg godt eigna til jobben

Vi tilbyr

  • ein spanande jobb i ein god arbeidsfellesskap
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • sterkt fagmiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • løn etter erfaring og kvalifikasjonar
  • fleksibel arbeidstid etter gjeldande reglement

Tilsetjinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

Du må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter, og  laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

 

Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste. Vi praktiserer meiroffentlegheit i tilsettingar og du må difor grunngi særskilt om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit på denne lista. Vi vurderer ønsket ditt opp mot offentleglova. Vi tek kontakt dersom vi ikkje kan oppfylle dette. 

Kontaktinformasjon

Helge Hamre, Kommunalsjef, 95069388, helge.hamre@hareid.kommune.no
Trude Kristin Dalen, personalleiar, 90565847 , trude.k.dalen@hareid.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur

Referansenr.: 4855510826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sektor for læring og kultur orgnr: 974007320
Kort om arbeidsgiver

Hareid kommune har 5308 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar.

Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.

Webside http://www.hareid.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted HAREID (Adresse: Rådhusplassen 5 Postnr: 6060)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a37b0237-7e3c-422a-b878-def92522b9e6
IMPORTAPI