Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Rådgivar/seniorrådgivar
Vi har ledig ei fast stilling i justis- og beredskapsseksjonen vår. Sentrale oppgåver for denne stillinga vil vere klagesakshandsaming i plan- og bygningsrett, oreigningsrett, forvaltningsrett og innsynsrett mm. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar, frå kommunar til departement.
Vi har eit stort juridisk fagmiljø. Vi har ei eiga juridisk samarbeidsgruppe for alle dei 27 juristane på embetet og vi løyser juridiske utfordringar på tvers av seksjonar og fagområde.
Kva kompetanse søker vi?
- Juridisk embetseksamen (cand. Jur.) eller mastergrad i rettsvitskap.
- Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.
- Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller erfaring frå nokre av fagområda våre.
For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha
- relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av avdelinga sine fagområde
- god kompetanse innanfor sakshandsaming, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling
- Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar
- Du er fleksibel og har evne til å omstille deg
- Du må være interessert i samfunnsoppdraget og ha god samfunns- og rolleforståelse
Vi kan freiste med å arbeide:
- med samfunnsaktuelle saker
- i ei verksemd med stor fagleg bredde
- tverrfagleg saman med kollegaer frå andre fagområde
- sjølvstendig med krevjande juridiske saker
- Du får i stor grad høve til å planlegge eigen arbeidsdag.
- Vi har også velferdsaktivitetar som trim i arbeidstida, bedriftsidrettslag, kunstlag mm.
Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, les meir på heimesida vår: www.statsforvalteren.no/mr
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvar for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
For meir informasjon, kontakt underdirektør Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 71258460.
Søknadsfrist: 01.desember 2024
DIVERSE INFO