Rådgivar/seniorrådgivar – plan – Statsforvalteren i Rogaland
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Rådgivar/seniorrådgivar – plan
Om stillinga
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til energilovsaker og regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.
Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar.
Avdelinga har 33 tilsette som arbeider med natur og forureining.
Stillinga er knytt til miljøvernavdelinga som samordnar planarbeidet vårt internt. Stillinga inngår i embetet si plangruppe der alle avdelingane våre samarbeider tett om uttalar til og deltaking i kommunane sitt arbeid med kommuneplanar, reguleringsplanar og anna planarbeid etter plan- og bygningslova.
Miljøvernavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan plan.
Arbeidsoppgåver
Du vil få saksbehandlaransvar for alle typar plansaker
- saksbehandling av plansaker
- formidling av nasjonal og regional politikk knytt til arealforvaltning i kommunale og regionale planprosessar
- rettleiing og dialog med kommunane
- samarbeid med regionale og statlege sektorstyresmakter
Gjennom uttalar til og dialog om kommunale planar, skal miljøvernavdelinga ivareta naturverdiar, hindre forureining og ta klima og andre miljøomsyn i plan. Berekraftig byutvikling inkludert bustadsosiale omsyn, samfunnstryggleik, folkehelse og universell utforming er andre tilgrensande omsyn som skal integrerast i planuttalane.
Du vil få jobbe med svært varierte problemstillingar saman med engasjerte medarbeidarar på miljøvernavdelinga, og elles i embetet.
Kvalifikasjonskrav
Du er ein person med samfunnsengasjement og som trivst med tverrfagleg arbeid. Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som
- har relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan arealplanlegging og plan- og bygningsrett. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring.
- har erfaring frå til dømes arealplanlegging, samfunnsplanlegging, byggesaksbehandling, samfunnsgeografi, naturkompetanse innan plan eller forureining.
- har GIS/kartkompetanse
Personlege eigenskapar:
- du har gode formidlings- og samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn som rådgivar, kr 590 000 – kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 – 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- God pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- Gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- Nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- Varierte, interessante og viktige oppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statsforvalteren i Rogaland orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen. Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette. |
Webside | http://www.fylkesmannen.no/Rogaland/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | STAVANGER (Adresse: Lagårdsveien 44 Postnr: 4001) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |