Rådgivar legemiddelområdet – farmasøyt – Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 23-03-2025
Deadline: 11-04-2025
Rådgivar legemiddelområdet – farmasøyt
Vil du vere med å utvikle det systematiske arbeidet innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus (HUS) og i Helse Vest ?
Systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik er ei prioritert oppgåve for sjukehuset, og seksjon for pasienttryggleik har viktige funksjonar for å støtte opp om dette arbeidet. Seksjonen jobbar med ulike overordna system for smittevern, rett antibiotikabruk, styrande dokumentasjon, internrevisjon, risikostyring, meldesystem, klage- og tilsynssaker, forbetringsarbeid med meir. Seksjonen har omfattande samarbeid med dei kliniske einingane og andre stabseiningar. Medarbeidarane i seksjonen jobbar først og fremst i tverrfaglege team, og deltek ofte i lokale, regionale og nasjonale utgreiingar og prosjekt. Seksjonen har ansvar for Regional kompetanseteneste for smittevern i Helse Vest, og Nasjonalt senter for antibiotikabruk i sjukehus.
Seksjon for pasienttryggleik er ein av seks seksjonar i Forskings- og utviklingsavdelinga. Seksjonen har 26 medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn, som saman utgjer eit spennande og kompetent fagmiljø.
Legemiddelområdet er eit viktig satsingsområde i helsetenesta i tida framover. Den eine 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan regionalt- og lokalt legemiddelnettverk og arbeid med legemiddelretningslinjene til sjukehuset og tilknytte kompetansekrav. Den andre 50% stillinga er tiltenkt oppgåver innan forvaltning av digital søknadsplattform for utprøvande behandling, utviklings- og innovasjonsprosjekt og arbeid med avtalar for legemiddelinnkjøp og legemiddelmangel. Vi søkjer ein eller to fagleg dyktige og utviklingsorienterte farmasøytar , med genuin interesse for å styrkje kvalitets- og pasienttryggingsarbeid innan legemiddelområdet på Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Stilling 1 (50%):
- Inngå i team med ansvar for å fremje auka legemiddeltryggleik på HUS og i Helse Vest
- Inngå i team med ansvar for opplæring og kompetanseheving innan legemiddelområdet på HUS
- Ha ansvar for utarbeiding og oppdatering av legemiddelretningslinjer på HUS
- Stilling 2 (50%):
- Inngå i eit team som forvaltar ny digital løysing for søknadsbasert, sjukehusfinansiert legemiddelbehandling
- Delta aktivt i arbeidet knytt til legemiddelinnkjøpsavtalar og legemiddelmangel
- Stilling 1 og 2 – andre oppgåver:
- Bidra med legemiddelkompetanse i internrevisjon og hendingsanalyse
- Utarbeide saksdokument innan legemiddelområdet for føretaksleiinga evt. styret på HUS
- Bidra til å svare ut høyringar på legemiddelområdet, i samarbeid med m.a. Legemiddelkomiteen på HUS
- Ved behov, bidra i andre oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i farmasi med minimum 5 års arbeidserfaring, først og fremst frå sjukehus/sjukehusapotek
- Norsk autorisasjon som farmasøyt
- Erfaring frå leiing av, eller deltaking i, nasjonale, regionale og/eller lokale legemiddelrelaterte utviklings- eller forbetringsprosjekt er ønskjeleg
- God IKT-kompetanse, og forståing av/erfaring med digitale system knytte til legemiddel, inkludert for pasientbehandling i spesialisthelsetenesta
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
- Erfaring med utarbeiding av saksdokument innan legemiddelområdet
- Erfaring frå forsking- og/eller utviklingsarbeid er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Dyktig og engasjert, med interesse for pasienttryggleik og kvalitet på legemiddelområdet
- Nytenkjande, kreativ og framoverlent lagspelar, som ser moglegheiter til å utvikle og forbetre fagområdet
- Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
- Sjølvstendig, ryddig og systematisk
- Relasjonsbyggjar som verdset tverrfagleg samarbeid og samhandling
- Fleksibel med tanke på nye arbeidsoppgåver innan fagområdet
Vi tilbyr
- Fast stilling; anten som to 50% stillingar eller ein 100% stilling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Dyktige kollegaer med legemiddel- og tverrfagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for å kunne påverke strategisk utvikling av legemiddelområdet
- Jobbe tett på føretaksleiinga på HUS
- Fleksibel arbeidstidsordning, og god pensjons- og forsikringsordning
- Lønn etter avtale, men innanfor gjeldande tariff
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ingrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4941826355
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-04-2025 |