Stillingsbeskrivelse

Published 15-10-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Psykologspesialist/psykolog

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosiale aktiviteter både felles og innad i teama.
Vi har no behov for psykologspesialist/psykolog, og vi gir rekrutteringstillegg for både psykologspesialistar og psykologar.

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. I samarbeid med kommune i nærområde vil vi kurse fleire av våre behandler i EMDR, og legge til rette for god faglig utvikling i bruk av EMDR som metode.

Poliklinikken har også behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire andre områder. For tida er aktuelle satsningsområder videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor disse områdane, men dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse, vil det leggjast til rette for kompetanseheving. Kompetanse på behandling av andre lidingar innen psykisk helsevern er også ønskjeleg.  

Poliklinikken har i dag 55,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar for psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.

Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og kva fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Rettleiing internt og eksternt 

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist
  • Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje da det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykolog med lisens kan også søkje.
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper 
  • Sertifikat klasse B (personbil) 

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og målretta
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert 
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg på 50 000 for psykologar og 80 000 for psykologspesialistar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Psykologer som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderes for konstituering som spesialist
  • Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement 
  • Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar 
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår  

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim.

Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Visit NordvestKristiansund
KULTURBYEN KRISTIANSUND
#nordmøre på Instagram

Kontaktinformasjon

Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, jorgen.legreid@helse-mr.no

Arbeidssted

Hagan 9
6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4865927833
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Hagan 9 Postnr: 6516)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/48e237a5-50a9-4164-8c56-7e498c451855
IMPORTAPI