Stillingsbeskrivelse
Published 26-03-2025
Deadline: 13-04-2025
Psykologspesialist/psykolog
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har for tida to ledige stillingar, arbeidet er tilknytta sped- og småbarnsteamet samt eit av generealistteama.
Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.
I tillegg til generalist-team har vi eit akutt/ambulant team og eit småbarnsteam. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med 4-dagers behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, og vi innehar også spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.
Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne er ei forventa arbeidsoppgåve.
Er du på utkikk etter ei stilling som psykologspesialist der du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad)
- Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.)
- Vere deltakande i rettleiing til andre psykologar (t.d rettleiing/supervisjon)
Kvalifikasjonar
- Psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, eller voksenpsykiatri).
- God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, og gjerne med interesse for arbeid med nevrobiologiske tilstandar (autisme, ADHD m.v.)
- Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan og søke, men må då ha norsk autorisasjon
- Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du må ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Du vert kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og det er forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid.
- Du vert ein del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og det å vere personleg eigna vil mellom anna bli vurdert opp mot evne til samhandling
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, inger.ann.berge@helse-mr.no
Arbeidssted
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4937564152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal |
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykolog |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Geilebergvegen 20 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-04-2025 |