Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Psykologspesialist/psykolog

 

Er du klar for ei utfordring? Vi har eit ledig vikariat i 100% stilling frå 01.01.25 til 31.07.25, og vi leitar etter deg som brenn for å jobbe med born og unge med medfødde og tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Bli ein del av vårt dynamiske og tverrfaglege team!

Vi tilbyr ei unik moglegheit til å jobbe med eit breitt spekter av fagfolk, inkludert legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, vernepleiarar, pedagogar, sjukepleiarar og merkantilt personale. Du vil få spennande arbeidsoppgåver innan diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. Vi har eit tett samarbeid med kommunale tenester, og ein stor del av arbeidet er ambulant, noko som gir deg moglegheita til å jobbe variert og fleksibelt.

HABU Nordmøre og Romsdal flytta i oktober 2024 inn i eit topp moderne sjukehus på Hjelset. Her er vi samlokaliserte med habilitering for vaksne, noko som gir eit større og meir spennande fagmiljø. Vi har eit nært samarbeid med HABU i Ålesund, noko som sikrar gode pasientforløp og kontinuerleg fagutvikling. Du vil jobbe med born med medfødde eller tidleg erverva funksjonshemmingar/langvarige sjukdomar som treng tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.

Vi leitar etter deg som har ein genuin interesse for habilitering og som ønskjer å gjere ein forskjell i born og unge sitt liv. Hos oss får du moglegheita til å utvikle deg fagleg i eit inspirerande og støttande arbeidsmiljø.

Bli med på laget vårt! Send inn din søknad og bli ein del av ein spennande arbeidsplass der du verkeleg kan utgjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utredning og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnerar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B) Vi har tenestebilar til disposisjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Psykologspesialist/psykolog
  • Psykologar uten spesialisering er også velkomne til å søkje
  • Det er behov for ein psykolog med erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
  • Vi søkjer etter ein psykolog med særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autisme som har ulike tilleggsvanskar. Det er spesielt ønskjeleg med erfaring og kompetanse i høve til utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Søkjarar må kunne retteleie fagpersonar i førstelinjetenesta
  • Vi føreset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ha heilskapsforståing 
  • Vere fleksibel
  • Vere strukturert og jobbe målretta samt evne til sjøvstendig planlegging
  • Ha gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø

Personlege eigenskaper som er viktige i høve til stilllinga, vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.

Kontaktinformasjon

Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 2
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4884582132
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Habilitering barn og ungdom SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted HJELSET (Adresse: Opdølvegen 2 Postnr: 6450)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3770cad9-73dc-4a5f-82e6-f0452cf4cf2a
IMPORTAPI