Psykologspesialist/psykolog – Behandlerteam psykisk helsevern Haugesund

Health and social care Psykolog

(18 timer siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 15. desember 2024
  •  Expire date: 10. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 15-12-2024
Deadline: 10-01-2025

 

Psykologspesialist/psykolog

Vi søkjer ny kollega til vår avdeling

Er du interessert i å arbeide i eit kunnskapsbasert og innovativt fagmiljø, der både forsking, utvikling og pasientbehandling står i fokus? Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken (LUP) er no på jakt etter ein ny kollega som vil bli ein del av vårt team.

Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken (LUP) er ei spesialisert poliklinisk teneste for vaksne med utviklingsrelaterte vanskar og samtidige psykiske lidingar. LUP har regional funksjon knytt til Regionalt fagmiljø for Autisme, ADHD og Tourettes (RFM). Poliklinikken består av psykologspesialist (PhD), psykolog (DK-stilling), overlege og vernepleiarar. LUP er godkjend fordjupingspraksis for LIS-3. LUP driv ei vel strukturert teneste som legg vekt på ei kunnskapsbasert tilnærming.L

LUP har pågåande kvalitets-, forskings- og innovasjonsprosjekt. Poliklinikken er involvert i nasjonale forskingsprosjekt, har internasjonalt forskingssamarbeid og deltek i regionale og nasjonale nettverk. LUP legg vekt på klinisk og kompetanseretta samarbeid lokalt, blant anna med utgreiingsteamet ved psykosepoliklinikken, Haugaland DPS. LUP er eit ambulerande team, noko som betyr at me, i tillegg til ordinær poliklinisk kontakt, yter tenester og behandling der pasienten bur.

Stillinga gir moglegheit for forsking tilknytt Klinisk forskingsgruppe for mental helse, avhengnad og nevroutviklingsforstyrringar i Helse Fonna. Forskargruppa består i dag av to postdoktor-forskarar, psykologspesialistar med PhD, PhD-kandidatar og ein brukarmedverknadskoordinator.

Det kan leggast til rette for fleksible arbeidstidsordningar.

LUP er organisatorisk plassert i Klinikk for psykisk helsevern. Avdeling psykisk helsevern Haugesund har eit sterkt miljø innan utgreiing av psykiske lidingar og kognitive funksjonar. Avdelinga er knytt til forskingsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har me fire tilsette med fullført PhD og fleire pågåande forskingsprosjekt.

Høyrest dette ut som ein plass for deg? Send inn søknaden din i dag!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver ved LUP inkluderer utregreiing av utviklingsrelaterte tilstander, nevropsykiatriske forstyrrelser og psykiske liingar hos vaksne med mistanke om generelle lærevanskar eller autismespektrumforstyrrelser, samt behandling og oppfølging av desse. 
  • Ansvarsområder for spesialist innan psykisk helsevern
  • GJennomføring av Nasjonalt pasientforløp innan psykisk helsevern for voksne.

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist eller autorisert psykolog  
  • Vi vektlegg sterkt at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring.
  • Norsk (B2 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål). Språkmeistring vil vera ekstra vektlagt mtp. målgruppa for tenesta og kommunikasjonsutfordringar dette kan medføra. 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert, men evner fleksibilitet i oppgåveløysing og samhandling
  • viser sjølvstende
  • har gode kommunikasjonsevner
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er engasjert
  • likar varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ynskjeleg.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Spesialistutdanning vert dekka, samt gode moglegheiter for vidare fagleg utvikling.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no

Kontaktinformasjon

Oddbjørn Hove, Funksjonsleiar, +47 92402743

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4896602681
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Behandlerteam psykisk helsevern Haugesund orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7a446662-1a80-47fd-89ac-db597f4127dc
IMPORTAPI