Psykolog/ Psykologspesialist – Avdeling for rusmedisin /AFR Askøy, Helse Bergen
Health and social care Psykolog(13 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-12-2024
Deadline: 31-12-2024
Psykolog/ Psykologspesialist
Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionomar, sjukepleiar/vernepleiar, musikkterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær. Avdeling for rusmedisin er opptatt av å leggje til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.
Seksjon Askøy har 28 plassar for døgnbehandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, psykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plagar som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagane for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å legge til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, dette er ofte ROP tilstandar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
- IA-bedrift
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gerd Helene Irgens, Seksjonsleiar, 48887004
Arbeidsstad
Haugane 8
5307 Ask
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4895183975
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 31.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for rusmedisin /AFR Askøy, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykolog |
Sted | ASK (Adresse: Haugane 8 Postnr: 5307) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |