Psykolog – Helse Bergen

Health and social care Psykolog

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 2. juli 2024
  •  Expire date: 18. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 02-07-2024
Deadline: 18-07-2024

 

Psykolog

Seksjon for smertebehandling søker etter psykolog i 80 % midlertidig stilling frå snarast til 31.12.24.  

Ynskjer du å få meir erfaring med tverrfagleg smertebehandling? Her er ein gylden moglegheit. 
Vi har eit spennande tverrfagleg miljø som har fokus på samhandling med primærhelsetenesta. Stillinga er oppretta i samband med «Ventelisteløftet» for å redusere ventetidene ved poliklinikken.

Seksjon for smertebehandling sitt personale har lang erfaring i vurdering og behandling av smerte. Seksjonen har to einingar: Poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team. Vi har tilsette med brei tverrfagleg kompetanse: legar, psykologar, fysioterapeutar, sjukepleiar, jobbspesialist frå NAV og merkantile. Dei har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar. Psykologane i Smerte og palliasjonsavdelinga er samla i Seksjon for smertebehandling og tel 5 personar fordelt på 3,6 stillingar. Tre av psykologane arbeider hovudsakleg i poliklinikk for langvarige smerter. To av psykologane arbeider i Palliativt senter. 

Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) er ei avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og består av tre seksjonar: Palliativt senter, Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest og Seksjon for smertebehandling.   

Arbeidsoppgåver vil bli knytta til poliklinikk for pasientar med langvarige smerte. 

Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med pasientar med langvarige og samansette smertetilstandar
  • Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell, samarbeidsmøte og telefonmøte  
  • Bidra med psykologfaglege perspektiv inn i teamet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Ønskeleg med erfaring med klinisk helsepsykologi  
  • Ønskeleg med erfaring frå smertebehandling og palliasjon 
  • Kunnskap om dei vanlegaste psykologiske tilnærmingar til langvarig og akutt smerte  
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med somatisk sjuke  
  • Ønskeleg med erfaring frå tverrfaglege team  
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og engasjement for fagfeltet  
  • Interesse for tverrfagleg samarbeid og evne til fleksibilitet i arbeidsmetodar
  • Gode samarbeidseigenskapar, som evne til å skape trygge og gode relasjonar internt i teamet og vis a vis andre samarbeidspartnarar  
  • Evne til å bidra til god teamfunksjon   
  • Personleg eigna og relevant fagleg erfaring vil bli sterkt vektlagt  

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, +47 55975278, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4833716337
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 19.08.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 18.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 19-08-2024
Søknadsfrist 18-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1ff5309e-01da-473b-aed8-808241f24610
IMPORTAPI