Psykolog eller Master i psykologi – Oppvekst og kulturetaten, PPT

Education Universitet og hoyskole

(2 uker siden)

  • ULSTEINVIK
  •  Lagt til dato: 6. november 2024
  •  Expire date: 25. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 06-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Psykolog eller Master i psykologi

Stillingstype

Interkommunalt PPT for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har ledig ei 100 prosent fast nyoppretta stilling som psykolog eller PP-rådgivar med master i psykologi.

Vi søkjer etter ein engasjert psykolog/PP-rådgivar som brenn for forebygging og tverrfagleg samarbeid, og som har lyst til å jobbe saman med oss.

Stillinga er knytt til ungdom, vidaregåande og vaksenopplæringsteamet ved kontoret, som i dag består av 6 PP-rådgivarar og psykolog med god og brei kompetanse. Arbeidsoppgåvene vert i hovudsak knytt til Ulstein, Volda og Ørsta vidaregåande skular, i tett samarbeid med andre aktuelle tenester.

Beskriving av arbeidsstad

Tenesta tilhøyrer kommunalområde Oppvekst, som jobbar saman for å tilby heilheitlege og koordinerte tenestetilbod i tråd med blant anna Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, ny Opplæringslov og Oppvekstreformen.

Tenesta har fokus på barnet og elevens beste, tidleg innsats og inkludering i barnehage og skule. PP-kontoret består av 3 aldersinndelte team; førskule, barneskule og ungdom, vidaregåande og vaksenopplæring.

Arbeidsoppgåver

Helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Kartlegging og avklaring av behov.

Tverrfagleg samarbeid.

Tverrfagleg utviklingsarbeid og kvalitetsutvikling.

Å dele psykologfagleg kunnskap med andre tenesteutøvarar via rettleiing, konsultasjon og undervisning.

Deltaking i systemarbeid, planarbeid og fagutvikling.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som psykolog/psykologspesialist eller master i psykologi innan studieretning Arbeids- og organisasjonspsykologi, Generell psykologi eller Læring- hjerne, atferd, omgivelsar. 

Relevant kompetanse og/eller erfaring med tidleg intervensjon, førebygging og helsefremjande arbeid knytt til psykisk helse.

God munnleg- og skriftleg kommunikasjon.

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Ulstein kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.

Personlege eigenskapar

Du er utadvendt.

Du har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig.

Du har evne til å motivere og inspirere i eit godt arbeidsmiljø.

Du har engasjement for tidleg innsats og tverrfageleg samarbeid.

Du jobbar systematisk, strukturert, disiplinert og kan ta sjølvstendige faglege val.

Du har gode samarbeidsevner og bidrar aktivt til internt og eksternt samarbeid.

Du er endringsvillig, fleksibel og er villig til å omprioritere arbeidet når det krevst.

Du bidreg til godt samarbeidsmiljø gjennom positiv innstilling og fokus på felles mål fagleg og sosialt.

Vi tilbyr

Ein spennande stilling der du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle psykologfunksjonen/rådgjevarfunksjonen i PPT, spesielt retta inn mot ungdom og vidaregåande opplæring.

Kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø.

Deltaking i nettverk for PPT- psykologar/rådgjevarar i Møre og Romsdal fylke.

Tilrettelegging for spesialisering for psykologar som har behov for dette.

Tenesta jobbar kontinuerleg med å ha eit godt arbeidsmiljø.

Eit triveleg arbeidsmiljø, med høg delingsskultur og fokus på kolletiv kompetanseutvikling.

Fleksibel arbeidstid.

Anna

Krav om førerkort klasse B og disponibel bil.

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Ingrid Evebø Haug, Leiar PPT, +47 94884062

Arbeidsstad

Vikemyra 1
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 4882622736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst og kulturetaten, PPT orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Webside http://www.ulstein.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Vikemyra 1 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e295d95d-28b2-439b-b22b-a4258e7cc10b
IMPORTAPI