Psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut – Sogndal kommune Helsestasjon

Health and social care Sykepleier

(2 uker siden)

  • SOGNDAL
  •  Lagt til dato: 11. desember 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut

Me søkjer engasjert psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut til psykisk helsetilbod for barn og unge i Sogndal kommune 

Brenner du for å styrke psykisk helse hos barn og unge? Vil du vera med på å forme eit framtidsretta og tverrfagleg psykisk helsetilbod som gjer ein reell forskjell for barn og unge i Sogndal kommune? Då kan dette vera stillinga for deg! 

 
Sogndal kommune styrkar satsinga på barn og unge. Med bakgrunn i nasjonal rettleiar for psykisk helse for barn og unge, har kommunen utvikla og er i gang med å etablere eit psykisk helsetilbod for barn og unge. Tilbodet er tverrfagleg samansett og er eit lågterskeltilbod og tilbyr behandling og oppfølging til barn og unge med milde til moderate psykiske plager, begynnande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tilbodet har eit familieperspektiv og tilbyr foreldrestøtte og rettleiing til foreldre. 

Me søkjer ein person med sterkt engasjement for barn og unge si psykiske helse, har fokus på livsmeistring og ressursar, og som vil jobbe for å styrke og utvikle det kommunale arbeidet innan psykisk helse barn og unge.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Førebygging, kartlegging, utredning, behandling og oppfølging av barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar eller byrjande rusmiddelproblem mm.  

  • Oppfølging av barn og unge med samansette, langvarige vanskar som krev koordinert innsats over tid og tett samarbeid mellom instansar og tenestenivå 

  • Foreldrerettleiing og rettleiing/oppfølging til skule/barnehage 

  • Samarbeid med andre involverte instansar, som helsestasjonen, PPT, BUP, barnevernteneste, fastlege, skule og barnehage 

  • Arbeid på barn og unge sin arena 

  • Delta i drift og utvikling av gruppetilbod 

  • Bidra til helsefremjande og førebyggande arbeid i kommunen 

  • Bidra til heilskapleg oppfølging av barn og unge via samarbeid og samhandling med barn/unge/familiar og andre tenester i tråd med BTI modellen 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Helsepersonell med minimum treårig høgskule eller universitetsutdanning som sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernspedagog og med relevant vidareutdanning innan psykisk helse, psykisk helse barn og unge, familieterapi 

 

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar: 

  • Erfaring med arbeid innafor psykiatri eller familieterapi 

  • Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel 

  • Høg grad av sjølvstendigheit 

  • Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med barn og unge 

  • God forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid 

  • Kompetanse eller erfaring med rettleiing 

  • Evne til å samarbeide og kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og målgrupper 

  • Strukturert, fleksibel og løysingsorientert 

  • Førarkort klasse B og tilgang til egen bil 

  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spennande og utfordrande stilling i et godt arbeidsmiljø 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Moglegheit for å vere med på å forme eiga stilling ut frå gjeldande rammer.

 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Helsestasjon orgnr: 974554348
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SOGNDAL (Adresse: Plassen 2 Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b62bfa8c-20ef-493f-bfb1-f0079ad2eb67
IMPORTAPI