Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Psykiater i TSB poliklinikk

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som legespesialist kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider og vaktbelasting er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss.

Vi er allereie eit stort og godt legemiljø, men vi ønsker og treng å bli fleire for å lukkast med store og spennande satsingar i åra som kjem. Derfor lyser vi nå ut 1 overlegestilling for spesialist i psykiatri. Legar i spesialisering innan psykiatri kan også gjerne søke. Vi søker ein psykiater med engasjement for ruspasientar. Du kan gjerne ha erfaring med pasientgruppa frå før – men vi søker like gjerne etter deg som ønsker å lære meir om integrert behandling av samtidig psykisk sykdom og rusliding.

Poliklinikken flyttar til heilt nye lokale i Engenhuset i Bergen sentrum i slutten av november. Vi vil då bli samlokalisert med andre einingar i AFR med gode føresetnader for samhandling og samarbeid. I poliklinikken er det om lag 40 tilsette og den tverrfaglege bemanninga består av legar, psykologar, sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiar og musikkterapeut. Det er to merkantilt tilsette i poliklinikken.

Legane har vekentlege legemøte, og inngår i det tverrfaglege arbeidet i poliklinikken. I poliklinikken er det høgt fagleg nivå og høg grad av trivsel mellom dei tilsette. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, inkludert eit veletablert MBT-team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar. I avdelinga er det faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg og til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi har eit variert og rikhaldig behandlingstilbod med to store generelle poliklinikkar, fire døgneiningar til langtidsbehandling, familieambulatorium, medikamentfritt terapeutisk samfunn, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), heroinassistert behandling (HAB), eining for behandling under tvang, ambulant lavterskelbehandling for ungdom, akuttforløp med intoksbehandling, avrusing og stabilisering, for å nevne noko.

Vi har ikkje minst også eit sterkt og klinikknært forskingsmiljø kor vi bidrar med kunnskapsproduksjon på den internasjonale arena. Vi lukkast jamleg med å få eksterne forskingsmidlar til randomiserte kliniske studiar (RCT) og vi har gåande fleire PhD-løp for legar. Nyleg blei vi for eksempel tildelt midlar til ein RCT på substitusjonsbehandling med amfetamin for behandling av personar med amfetaminavhengnad. I poliklinikk forskar vi mellom anna på mentaliseringsbasert terapi i behandling av mennesker med personlighetsforstyrringar. 

Vi håpar å høyre fra deg.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatisk- og psykiatrisk sjukdom
  • Samhandling og samarbeid med 1. og 2. linjetenesta
  • Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervisning

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i psykiatri. Spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin kan også vere aktuelle
  • Den som blir tilsett må dokumentere norsk offentleg godkjenning (Norsk autorisasjon)
  • Det er krav om dokumentert kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søker medarbeidarar som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar
  • Vi søker etter deg som har høgt fagleg nivå
  • Vi verdset gode samarbeidsevner på tvers av profesjon
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære med tryggleik, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evner å verdsette kollegaers kompetanse og erfaring, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon

Vi tilbyr

  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Ukentlege legemøter i poliklinikken, samt ukentlege felles legemøtar med poliklinikken i Murhjørnet.
  • Kollegaveiledning ved behov. Vi har to overlegar i vår poliklinikk som er spesialister i rus- og avhengighetsmedisin, og det er i tillegg fleire dobbeltspesialister i rus og psykiatri i AFR som kan bistå i komplekse sakar.
  • Moglegheit for deltaking i avdelingas heimevaktordning
  • Lønn i samsvar med tariff samt eit fast individuelt tillegg
  • Tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Erlend Wittrup Djup, Seksjonsleiar, 90027883

Arbeidsstad

Kanalveien 5
5068 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4873466216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for rusmedisin/ AFR Poliklinikk Kanalveien, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Kanalveien 5 Postnr: 5068)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7927a346-c4cc-4f79-a4ee-d6b167d31cd3
IMPORTAPI