Prosjektstillingar: Doktorgradskandidat – framtidas forvaltning av sjøareala – Kompetanse- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(4 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 05-01-2025
Prosjektstillingar: Doktorgradskandidat – framtidas forvaltning av sjøareala
Vil du bidra til framtidas forvaltning av sjøareala våre? Bli doktorgradskandidat hos oss i Møre og Romsdal fylkeskommune!
Er du nysgjerrig på fjordane og kystlinja vår, og har du lyst til å utvikle framtidas forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal? Vi har ei unik og spennande moglegheit for deg!
Vi søker 1 eller 2 doktorgradskandidatar som vil bli med oss å bygge ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av sjøareala våre. I denne treårige prosjektstillinga får du sjansen til å spele ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt marine kunnskapsprogram – eit tiårig program med mål om kunnskapsbasert planlegging og forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal var pilotområde i den nasjonale satsinga «Marine grunnkart i kystsonen». Marine grunnkart opnar heilt nye moglegheiter for planlegging og forvaltning av sjøområda – det er som å «slå på lyset under vatn».
Gjennom ditt arbeid vil du utvikle nye metodar for å kople ny kunnskap og digitale verktøy for å skape framtidas forvaltning.
Kva kan du forvente av oss?
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver: Du vil bli ein sentral del av vårt marine kunnskapsprogram og ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø, offentlege aktørar og prosjektleiar for det marine programmet i fylkeskommunen.
- Utvikling av eige forskingsprosjekt: Som doktorgradskandidat får du mellom anna moglegheit til å utarbeide innhaldet i prosjektet, og ansvar for å etablere samarbeid med ein gradgivande institusjon.
- Kompetansebygging og nettverksbygging: Du blir del av eit nettverk av stipendiatar og sentrale aktørar innan forsking, næringsliv og offentleg sektor i Møre og Romsdal, noko som gir svært gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- mastergrad innan relevante fagområde (planfag, geologi, biologi, IT eller liknande), men vi er opne for ulike bakgrunnar og motiverte kandidatar. Nyutdanna oppmodast om å søke.
- gjerne erfaring frå prosess- eller prosjektarbeid
- gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som
- er engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle nye metodar og verktøy innan forvaltning og arealplanlegging i sjø i samarbeid med andre
- har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med eit auge for innovative løysingar som kan endre måten vi forvaltar kystområda på
Vi tilbyr
- ei utfordrande og givande stilling i eit engasjert og sterkt fagmiljø, der kreativitet og initiativ blir verdsett
- moglegheita til å arbeide med banebrytande prosjekt der ditt arbeid vil bidra til ei langsiktig, kunnskapsbasert forvaltning av sjøområda.
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
- ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen med kontorstad i Molde eller Ålesund.
Kontaktinformasjon
Arne Håkon Sandnes, prosjektleiar, +47 71280350, arne.hakon.sandnes@mrfylke.no
Birgit Aarønæs, seksjonsleiar, +47 71280353, birgit.aaronas@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6404 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4860857438
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kompetanse- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Lenke til –> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no) |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Borgundvegen 340 Postnr: 6009) |
Stillingstype | Prosjekt Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-04-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |