Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Prosjektstilling overvatn og reinseanlegg

Me søker:

Vindafjord kommune lyser ut ein 100 % prosjektstilling med varigheit i inntil tre år som i hovudsak skal arbeida med kartlegging, planlegging og oppfølging av mindre overvassprosjekt. I tillegg er det ønskeleg at den som blir tilsett kan ta ansvar for planlegging av tiltak på reinseanlegg etter nytt avløpsdirektiv.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Kartlegging av overvatn, kamerakøyring, plan for å separere overvatn/kloakk
  • Planlegge og følgje opp mindre prosjekt
  • Lage kalkylar og være med på anbodskonkurransar
  • Dokumentere utført arbeid og måle inn nye anlegg med GPS
  • Samhandling med konsulentar
  • Reinseanlegg, gjere seg kjent med nytt avløpsdirektiv
  • Kartlegging og vidare planlegging for reinseanlegg
  • Prosjektoppfølging av andre mindre prosjekt kan vera aktuelt i periodar

Kvalifikasjonar:

  • Helst Teknisk fagskule eller relevant ingeniørutdanning
  • Relevant fagbrev/praktisk erfaring frå VA/veg prosjekt er ønskjeleg
  • Kunne bruke digitale verktøy og våre kommunale IT-system
  • Du må meistre godt norsk munnleg og skriftleg
  • Du må ha førarkort for personbil

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar:

  • God samarbeidsevne.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Stillinga vil høyra til eining for kommunaltekniske tenester, avdeling for vatn, avløp, veg. Stillinga vil vere sjølvstendig og det må påreknast ein del feltarbeid. Arbeidsoppgåvene kan til ein viss grad tilpassast kvalifikasjonane. Oppmøtestad/kontorstad vil vera i Sandeid.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester orgnr:
Kort om arbeidsgiver Eining Kommunaltekniske tenester har ansvar, drift og vedlikehald, samt utbygging, innanfor fagområda veg, vatn og avløp, eigedomsforvaltning, kommunale bygg og grøntområde samt politisk sakshandsaming innafor desse områda. Eininga har 25 stillingsheimlar. Einingsleiar har resultat-, økonomi- og personalansvar for si eining.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted SANDEID (Adresse: Østbøvegen 2 Postnr: 5585)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b51741df-7ae1-42bc-98e0-9e42e4676fe0
IMPORTAPI