Prosjektplanlegger hos Brødrene Aa AS – Brødrene Aa As Avd Hyen
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(5 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-10-2024
Deadline: 13-10-2024
Prosjektplanlegger hos Brødrene Aa AS
Hva vi ser etter
Vi søkjer fortrinnsvis deg som har erfaring som planlegger, og som kan vise til gode resultat. Du har pågangsmot, likar ei utfordring og er løysingsorientert. Stillinga krev høg grad av sjølvstende og du må evne å arbeide strukturert, systematisk og målretta. Samstundes krev stillinga gode samarbeidsevner i møte med dyktige fagfolk frå ulike disiplinar og miljø. Du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat.
Kvalifikasjoner:
-
Stillinga krev gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk).
-
Fortrinnsvis teknisk/eller økonomisk utdanning på Bachelornivå.
-
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
-
Erfaring frå maritim bransje er ein fordel og/eller erfaring frå større prosjekt/operasjonar.
-
Relevant utdanning t.d. teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Arbeidsoppgaver
Som planleggar vil du ha en sentral rolle på tvers av pågåande prosjekt i selskapet, med ansvar for å etablere og oppdatere prosjektplanar, samt planar på tvers av prosjekt. Planane vil vere eit sentralt styringsverktøy for konstruksjon, innkjøp og produksjon i verksemda. Du vil, saman med prosjektleiar, vere ansvarleg for rapportering av framdrift på det enkelt prosjekt og korleis dette påverkar andre prosjekt.
Arbeidsoppgåver:
- Etablere prosjektplanar
- Følge opp framdrift i pågåande prosjekt og sikre at planane til ei kvar tid er oppdaterte
- Innhente og bearbeide prosjektinformasjon, og sikre at denne er riktig
- Identifisere kritiske milpælar i prosjektet og konsekvensane av at disse ikkje blir møtt.
- Bidra til å identifisere tiltak som kan redusere konsekvensane ved eventuell forseinkingar
- Dokumentasjon og rapportering
Vi tilbyr
-
Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
-
Gode forsikringsordninger
-
Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
-
Bistand til å skaffe bustad
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Brødrene Aa As Avd Hyen orgnr: 971654791 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Brødrene Aa AS har hovudlokasjon i Hyen i Vestland og har i dag ca. 170 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale. Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal med dette fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad. Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar. |
Webside | https://www.braa.no/about |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | HYEN (Adresse: Hyevegen 1775 Postnr: 6829) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 13-10-2024 |