Prosjektmedarbeider, ungdomsprosjekt i Ryfylke IKS – Ryfylke IKS
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-11-2024
Deadline: 31-12-2024
Prosjektmedarbeider, ungdomsprosjekt i Ryfylke IKS
Om Ryfylke IKS:
Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap som har som formål å styrkja Ryfylke-regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes. Dei unge er viktige for regionen og i juni i år vart Ungdomsstyret i Ryfylke etablert.
Ungdomsstyret i Ryfylke består av to personar frå kvar av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Styret skal vera ein viktig pådrivar for ei auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylke-regionen, mellom anna ved å bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen.
Med føresetnad om at stillinga vert godkjend av RIKS representantskap søker me etter:
Prosjektmedarbeidar i Ryfylke IKS
Er du engasjert og brenn for unge sine vilkår og ønsker å bidra til å styrkja unge si medverking i Ryfylke? Då bør du søkje denne prosjektstillinga!
Ryfylke IKS søkjer no ein dyktig og engasjert medarbeidar som skal vera bindeleddet mellom ungdomsstyret og dei oppgåvene og sakene dei sett på dagsorden.
Arbeidsoppgåver:
· Vera med og utvikla <
· Bidra til å bygge ein digital plattform som fortel om det som skjer i Ryfylke og som er relevant for unge der ein søkjer utdanning og arbeidserfaring.
· Vidareutvikle sommarjobben.no slik at fleire unge frå Ryfylke får sommarjobb som er relevant for utdanningsvalet sitt.
· Motivere fleire private og offentlege verksemder til å satse på traineestillingar i eigen organisasjon.
Me ser etter deg som er strukturert, initiativrik og som har lyst til å vere ein pådrivar for ungdomsstyret sitt arbeid i regionen. Les meir på ryfylkeiks.no, der du finn meir informasjon om ungdomsstyret sitt arbeid.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ryfylke IKS orgnr: 984462808 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om Ryfylke IKS: Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap som har som formål å styrkja Ryfylke-regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes. Dei unge er viktige for regionen og i juni i år vart Ungdomsstyret i Ryfylke etablert. Ungdomsstyret i Ryfylke består av to personar frå kvar av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Styret skal vera ein viktig pådrivar for ei auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylke-regionen, mellom anna ved å bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen. |
Webside | https://ryfylkeiks.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | HJELMELAND (Adresse: Ryfylkevegen 740 Postnr: 4130) |
Stillingstype | Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |