Prosjektleiar – Statens vegvesen

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(6 timer siden)

  • LEIKANGER
  •  Lagt til dato: 24. september 2024
  •  Expire date: 9. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-09-2024
Deadline: 09-10-2024

 

Prosjektleiar

Om stillinga

Som Prosjektleiar for vedlikehaldsprosjekt er dei fleste oppgåvene dine knytt til veg og tunnel. Hovudoppgåva vil vera styring og koordinering av tiltak/prosjekt som skal utførast av vedlikehalds seksjonen. Du vil leia prosjekta og byggherrebemanninga knytt til desse, og ikkje minst finna strategiar for å gjennomføra dei enkelte tiltaka på mest mogleg effektiv måte. Vidare skal du bidra til styring og utvikling av seksjonen saman med seksjonsleiar og dei andre prosjektleiarane.

Stillinga er plassert i avdeling Drift og Vedlikehold vest, seksjon vedlikehald 1. Og har kontorplass Leikanger, Førde eller Nordfjordeid. I hovudsak vil prosjekta tilhøyrande denne stillinga liggja i gamle Sogn og Fjordane fylke, men heile avdelingsområdet kan vera aktuelt for prosjekt å styra.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du arbeida tett saman med seksjonsleiar, prosjektleiarar, byggjeleiarar, og kontrollingeniørar på seksjonen. Du vil og vera jamleg i kontakt med andre i vegvesenet, entreprenørar, offentlege etatar, grunneigarar, media, og andre som blir påverka av driftsoppgåvene. Prosjektleiar for vedlikehaldsprosjekt rapporterer til seksjonsleiar.

De mest sentrale arbeidsoppgåvene vil være:

  • Bidra til at dei enkelte tiltaka og prosjekt blir gjennomførte som planlagt.
  • HMS/SHA/YM fokus: Være aktiv og leggja til rette for at kontraktane er i front på fagområda. 
  • Sikre leveranse: Gjennom byggherre-organisasjonen følgje opp kontraktane med fokus på HMS, kvalitet, økonomi og framdrift. 
  • Ansvarlege for rapportering, oppfølging og dokumentasjon i samarbeid med byggjeleiing.
  • Samordne og koordinera oppfølginga av kontraktane våre.
  • Fagleg leiing og rettleiing av byggjeleiarar og kontrollingeniørar.
  • Oppfølging og ajourføring av økonomi, som budsjett, prognosar og rekneskap for porteføljen.

Det må påreknast noko reiseverksemd. 

Kompetansekrav

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må ha nødvendige IT-ferdigheiter
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du meistrar elektronisk verktøy for oppfølging og rapportering

 

Det er òg ein fordel om du har:

  • Kunnskap og erfaring om bygging, drift eller vedlikehald av samferdselsanlegg
  • Erfaring frå arbeid med tunnel
  • Erfaring frå byggje- og prosjektleiing. 
  • Det er ønskjeleg med erfaring med kontrakts arbeid for samferdselsanlegg, og erfaring med byggje- og/eller prosjektleiing. 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå NOKUT (www.nokut.no).

Personlege eigenskapar

  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og vera løysingsorientert
  • Evne til å få folk med deg, gi retning og motivera folka du samarbeid med
  • Evne til å ta initiativ og vera resultat og gjennomføringsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og må kunna bidra til eit godt arbeidsmiljø

Føler du at skildringa over treffar deg, så ønskjer me at du tek kontakt. Me kan lova deg mange spennande arbeidsoppgåver og eit levande og godt arbeidsmiljø som er i utvikling.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt for ein hyggjeleg prat med seksjonsleiar Jens-Ivar Nilsen på telefon 95131344. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e8ceab08-8806-4150-af50-96042ed80513
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268255