Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 09-04-2025

Prosjektleiar

Vi søker etter ein dyktig, erfaren og engasjert prosjektleiar som har god kompetanse og erfaring innan gjennomføring av ulike typer prosjekt.

Skjåk kommune har til einkvar tid prosjektoppgåver av ulik karakter. Vi ser etter deg som vil vere ein pådrivar for innovasjon, smarte løysningar og er oppteken av gode prosessar i prosjekta. Spennet i prosjekt vil vere stort, og ein variert kvardag er hovudregelen. Prosjekta vil vere større og mindre byggeprosjekt, prosjekt innanfor vatn og avlaup, vegprosjekt og andre prosjekt. Anskaffingar vil stå sentralt.

Stillinga på 100% er fast og er ledig frå dags dato.

Arbeidsområdet vil omfatte

  • Prosjektleiing, planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt innanfor bygg, eigedom og anlegg

  • Vere ein sentral og tydeleg person som bidreg til at Skjåk kommune får gode brukarinvolveringar og framtidsretta løysingar

  • Ansvar for prosjektutvikling, prosjektleiing, anskaffing, kvalitet, økonomi og framdrift i samarbeid med kommuneleiing, konsulentar og rådgjevarar

  • Offentlege anskaffingar og kontraktsinngåing

  • Kvalitets- og framdriftsstyring

  • Økonomikontroll og rapportering

  • Saksbehandling og utgreiing til folkevalde organ

  • Sikre at HMS blir ivareteke på alle nivå i eit prosjekt

  • Saksbehandlingsoppgåver på driftsnivå kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskulenivå innan bygg og anlegg

  • Erfaring frå bygg-/anleggsleiing og kontraktsadministrasjon. Erfaring kan erstatte utdanningskrav

  • Ein fordel om du har erfaring frå både offentleg og privat verksemd

  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

  • Kjennskap til lover og forskrifter – forståing av relevante lover, forskrifter og standardar innan bygg og anlegg, samt miljø- og planlovgjeving

Vi ynskjer at du

  • har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert

  • er ein person som likar teamarbeid

  • har evne til å bruke dataverktøy for analyse og rapportering, samt forståing for digitalisering og smarte løysingar for framtida

  • har kjennskap til relevant HMS-lovgjeving, forskrifter og standardar som gjeld for byggebransjen, inkludert arbeidsmiljøloven og forskrifter frå arbeidstilsynet

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn

  • Pensjonsordning i KLP

  • Noko heimekontor etter nærare avtale

  • Fleksibel arbeidstidsordning

  • Kompetansebygging for å kunne lukkast i stillinga

  • Kommunen kan bistå med hjelp til å finne bustad

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med ressursar for utvikling og unike fritidsmoglegheiter? Sjå her: https://www.skjak.no/

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling Roger Johansen epost: roger.johansen@skjaak.kommune.no , telefon 41513 687

Søknadsfrist 9. april 2025

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort, unntak kan kun gjerast i særlege tilfelle

Kommunedirektøren

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjåk Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974595532
Kort om arbeidsgiver

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen omkransa av tre nasjonalparkar. Kommunen har 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt. Som innabygds buande har du fortrinnsrett på reinsjakt hjå den lokale grunneigaren.

Webside https://www.skjaak.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted SKJÅK (Adresse: Moavegen 30 Postnr: 2690)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 09-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/66b363fa-94d7-4f30-80b3-365b7d3a3f65
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31