Stillingsbeskrivelse

Published 13-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Prosjektleiar for interkommunalt samarbeid i Region Ålesund

Vil du vere med og forme framtida for interkommunalt samarbeid?
Region Ålesund, beståande av kommunane Giske, Sula, Haram og Ålesund, søkjer ein engasjert og strategisk orientert prosjektleiar til å leie arbeidet med revitalisering av interkommunale samarbeid.

Om prosjektet
Kommunane i regionen står overfor store omstillingar knytt til demografi, kompetansemangel, økonomi, utanforskap og berekraft. For å møte desse utfordringane vil vi utvikle og effektivisere eksisterande interkommunale samarbeid, samt utforske nye samarbeidsformer og styringsmodellar.
Vi søkjer ein prosjektleiar som kan ta oss gjennom dette viktige utviklingsarbeidet over ein periode på tre år, med mogleg fast tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

  • Leie utgreiing og implementering av endringar i interkommunale samarbeid.
  • Utarbeide felles saksframlegg og anbefalingar til styringsgruppa og kommunestyra.
  • Sikre god dialog og samhandling mellom styringsgruppa, administrativ prosjektgruppe, de ulike fagområda, tillitsvalde og andre interessentar.
  • Kartleggje og vurdere nye samarbeidsområde og moglegheiter for frikommuneforsøk.
  • Sikre at prosjektet gjennomførast i samsvar med overordna strategiar og målsettingar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan administrasjon, samfunnsplanlegging, økonomi eller juss.
  • Erfaring med prosjektleiing, endringsleiing og strategisk utviklingsarbeid.
  • Erfaring frå kommunal forvaltning, interkommunalt samarbeid og politiske prosessar.
  • Førarkort.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av organisasjonar.
  • Strukturert og målretta, og med evne til å sjå heilskapen.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande rolle med stor samfunnsmessig betydning.
  • Moglegheit til å forme framtidas interkommunale samarbeid i Region Ålesund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Konkurransedyktige vilkår God pensjonsordning gjennom KLP.

Prosjektleiaren vert tilsett i Ålesund kommune, men vil i det daglege rapportere i styringsstrukturen for prosjektet. Arbeidsstad vert avtalt nærare, med møteaktivitet på tvers av kommunane i regionen.

Stillinga er midlertidig knytt til eit treårig prosjekt, men med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden. Personleg eignaheit vert vektlagt.

Søk stillinga og bli med på å utvikle framtidas interkommunale samarbeid!

Kontaktinformasjon

Helge Veum, helge.veum@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Organisasjon

Referansenr.: 4936623114
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunalområde Organisasjon, Teknologi og innovasjon orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Natur og miljø
Yrke Miljøvern
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms gate 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 04-08-2025
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/725b4356-76fa-48dc-b090-9d9b67f65d1f
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31