Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Prosjektleiar/Byggeleiar Vatn og avløp

Vi søkjer etter prosjektleiarar/byggeleiarar!

Verksemd Vatn og avløp produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vatn i Ålesund har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 125 pumpestasjonar i tillegg til at vi har tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi er også mellom dei fremste i Norge innan digitalisering i Vatn og avløp og har eit stort ingeniørmiljø med nærare 40 ingeniørar. Til saman er vi rundt 80 tilsette.  

Arbeidsmengda er stor og fagfeltet er i ei rivande utvikling både når det gjeld ny teknologi og nye krav i EU-direktivet som er på trappene. Difor søkjer vi no etter to  prosjektleiar/byggeleiar. 

Stillingane ligg i Avdeling Plan og prosjekt som har ansvar for å planlegge, bygge nye og rehabilitere VA-anlegg og leidningsnett, planarbeid, uttalar til detaljregulering og byggesøknader, overtaking av private anlegg og utbyggingsavtaler med meir. Avdelinga har 14 tilsette. 

Arbeidstad er rådhuset i Ålesund sentrum. 

Velkommen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • prosjektleiing, byggeleiing, oppfølging av konsulentar
  • samhandling med og oppfølging av interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • førebu og gjennomføre anbodsprosessar
  • andre relevante oppgåver kan bli lagt til

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på bachelornivå. Kandidatar med teknisk fagskule og relevant erfaring er også velkomne søkjarar.
  • relevant erfaring frå anleggsbransjen er ønskjeleg.
  • erfaring frå prosjektleiing og/eller byggeleiing er ønskjeleg.
  • god digital kompetanse.
  • gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
  • førarkort kl. B.

Personlege eigenskapar

vi ser etter deg som har eit fagleg engasjement og som 

  • er god på dialog med publikum og interne/eksterne samarbeidspartar.
  • jobber ryddig og systematisk.
  • deler kompetanse og bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøet.
  • liker å samarbeide med andre.
  • er fleksibel og positivt innstilt.

Vi tilbyr

  • gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
  • bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet.
  • godt fagmiljø og gode muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning.
  • løn etter avtale, fleksitidsordning og heimekontor etter avtale.

Kontaktinformasjon

Kristin Nonsvik, Avdelingsleiar Plan og prosjekt, 97771788, Kristin.Nonsvik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4873637332
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms g. 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/81d683d7-28ea-4a56-850c-ee6b7a5d7609
IMPORTAPI