Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Prosjektingeniør
Stryn kommune søker prosjektingeniør i 100% fast stilling. Stillinga ligg under avdeling for
kommunalteknikk og inngår i etat for samfunnsutvikling. Avdelinga har funksjonane prosjekt, VA, park,
grønt, veg, bygg drift og forvaltning, og reinhald.
Vi er på jakt etter ein sjølvstendig person med kjennskap til bygg- og anleggsbransjen, gjerne med
kjennskap til prosjektering av veg/VA-anlegg. Som prosjektingeniør i Stryn kommune er dagane
varierte. Du syter for anskaffing og oppfølging av konsulentar og entreprenørar i store og små
investeringsprosjekt og følgjer prosjekta frå idé til overlevering. Du vil inngå i eit team på tre
prosjektingeniørar som saman med driftsingeniør og driftsavdelingane skal løyse mindre og større
utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kommunen sine prosjekt innan fagområde veg, vatn, avløp og kommunale bygg
- Kontrollere ekstern prosjektering
- Utarbeide konkurransegrunnlag
- Innhente anbod
- Bidra til kontinuerleg forbetring av avdelingas rutinar og prosedyre
Kvalifikasjonar
- Høgare teknisk utdanning innan bygg og anlegg – høgskule/universitet
- Kompetanse på prosjektering av veg/VA er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kompetanse på prosjektleiing/byggjeleiing innan bygg og/eller veg og VA med minimum 3 års erfaring frå gjennomføringsfasen i bygg-og anleggsbransjen
- Erfaring med kontraktstandardar
- Kjennskap til gjeldande lovverk og forskrifter, som Anskaffelsesforskriften, Byggherreforskriften m.m.
- Sertifikat minimum B
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunskapar både munnleg og skriftleg
- Det er ynskjeleg med ADK-1 sertifikat, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, men trivst også med å jobbe i team
- Initiativrik
- Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap
- Du har gode evner til kommunikasjon, både ein til ein og i større forsamlingar
- Du er effektiv, strukturert og har evne til å føreta sjølvstendige vurderingar
Vi tilbyr
- Variert og utfordande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Sigurd Muldsvor, 481 22 311, sigurd.muldsvor@stryn.kommune.no
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4898538756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 974600471 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |