Prosjekt/kommuneingeniør – Stabseining Samfunn, Bygland Kommune
Construction Andre ingeniorer(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 03-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Prosjekt/kommuneingeniør
Kommunalområde Samfunn i Bygland kommune består av totalt ca. 20 årsverk og har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, teknisk, drift, landbruk, næring og kultur, samt Driftsavdeling som består av vedlikehald og reinhald. Me søker no ein person som får ansvar for det overordna faglege perspektivet innan VVA og EBA. Planar, prosjektering, anbod og innkjøp av tenester.
Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert og vi er nå opptatt av og jobbe teambasert og på tvers av fagområda. Vår nye Prosjekt/kommuneingeniør vil få eit bredt og variert arbeidsområde i lag med resten av teamet. Driftsavdelinga vil vere ein god støttespelar som vi forventer at du vil få eit godt samarbeid med. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet. Vi har ikkje store fagmiljø og vi er avhengig av at alle er med og tek tak der det trengs. Til gjengjeld vil du få mange interessant arbeidsoppgåver, dyktige kollegaer og moglegheit til å gjere meiningsfulle oppgåver som betyr mykje for våre innbyggarar.
Me tilbyr
- Arbeidsstad i ein vakker og naturskjønn kommune.
- Eit godt arbeidsmiljø med fagleg interesserte og dyktige kollegaer.
- Gode moglegheiter til personleg og fagleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for delvis heimekontor ved behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Pendlartillegg kan vurderast i den einskilde tilfelle.
Vi gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Sakshandsaming på kommunaltekniske områder.
- Prosjektleiing for utbyggingsprosjekter (VVA og EBA).
- Ansvarleg for planar (VVA og EBA) utvikling og vedlihald.
- Økonomiansvar opp mot budsjett.
- Anbod og innkjøp.
- Andre relevante oppgåver innan Samfunnsavdelinga.
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, fortrinnsvis ingeniør.
- Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.
- Kunnskap om sakshandsaming etter relevant lovverk.
- God digital kompetanse og kunnskap om og erfaring med relevant dataverktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsemne (nynorsk).
- Det er påkrevd med førarkort klasse B, og muligheit for å disponere eigen bil.
Personlige egenskaper
Me ser etter deg som har eit fagleg engasjement og som
- er god på dialog med publikum og interne/eksterne samarbeidspartar.
- jobber ryddig og systematisk.
- deler kompetanse og bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøet.
- liker å samarbeide med andre.
- er fleksibel og positivt innstilt.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 4877268105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stabseining Samfunn, Bygland Kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal – står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform. |
Webside | www.bygland.kommune.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | BYGLAND (Adresse: Sentrum 18 Postnr: 4745) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |